Anders Viken var felespelar og slåttekomponist.
Anders Viken var fødd i Jølster. Han gjekk lærarskulen i Volda og var folkeskulelærar i Jølster frå 1930 til han gjekk av med pensjon i 1968. Faren, Ole Olsen Viken, var òg spelemann, og både dottera Alvhild Viken Øvrebø og sonen Arne Viken var felespelarar. Kona Rakel Viken var diktar og skreiv tekst til fleire av slåttane.
Viken komponerte over 400 slåttar. Spesielt kjende er «Jølstrabrura», «Huldresølvet» og «Brulandsvalsen». Særleg «Jølstrabrura» vart landskjend og var mykje spela i den populære Ønskekonserten på NRK i mange år.
Viken ville utvikle folkemusikken. Sjølv lét han byggje, og spela på, eit instrument som var ein mellomting mellom vanleg fele og hardingfele, det han kalla «idealfela». Musikken er inspirert av Jølster-naturen. Komposisjonane er prega av posisjonsspel og dobbelgrep. Han sette ein høg standard for komposisjonar, som stiller særlege krav til utøvaren. Titlane er gjerne humoristiske.
Anders Viken fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1968. Ei byste av han vart sett opp på fødestaden Skei i Jølster ved 100-årsjubileet i 1998.
Kommentarar (3)
skreiv Ragnhild Kjøsnes
Personen til høgre på biletet er storebroren Daniel Viken.
svarte Mari Paus
Har du en kilde? Jeg har funnet bildet i samlingen til UiB, men ikke noe info om personen til høyre (https://marcus.uib.no/instance/photograph/ubb-bs-ok-00808.html). Hilsen Mari i redaksjonen
svarte Ragnhild Kjøsnes
https://nn.wikipedia.org/wiki/Daniel_Olsson_Vikin
Her er eit anna bilete av Daniel Viken.
Kjelda mi var far min, Johannes Kjøsnes, han er ein grandnevø av Anders og Daniel.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.