Hopp til innhald

Endring

Frå Wikiquote



Pelargonia-knopp i ferd med å springa ut til ein blom.

Endring er det at noko går frå ein tilstand over i ein annan.



Informasjon

Opphavleg mål: Norsk
Norsk ordtak
Seinare bruk

Omgrepet kan brukast nettopp i samband med endringar som skal oppfattast som positive, men også med motsett tyding, der ein ikkje er nøgd med at noko endrer seg. (til dømes «Norske jordbrukslandskap: Forandring fryder?»)

Forandring fryder var eit oppussingsprogram på NRK leia av Hilde Hummevoll.

Stikkord
endring
glede
gode ting
«Forandring fryder!»


«Forandring fryder!»



Teke frå archives.amritapuri.org: 'Patience leads to Love' 6 - 7 October 2000, Helsinki
Opphavleg tekst:
«Changing the world is like trying to straighten a dog's tail. However much you may try, you won't succeed. But although the tail won't straighten, if you keep trying every day, at least you will put on some muscle. Similarly, even though it is difficult to make a change, our effort to do so in itself brings positive results. It will help us change. Without waiting for others to change, if we change ourselves first, that will make a difference. Instead of worrying about results, focus on doing our best in what we are engaged in.»

Informasjon
Opphav: Mata Amritanandamayi

Kjelde:møte med Riitta Uosukainen (samtale)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 2000
Kontekst: Frå Amma sin samtale med Riitta Uosukainen, talsperson for det finske parlamentet.

Stikkord
endring
halar
styrke
hundar
det umoglege
betring
«Å endra verda er som å prøva å retta ut halen på ein hund. Uansett kor mykje ein prøver, vil ein ikkje klara det. Men sjølv om halen ikkje blir rett, vil ein i det minste ha blitt sterkare.»
Hund med krøllete hale.


«Å endra verda er som å prøva å retta ut halen på ein hund. Uansett kor mykje ein prøver, vil ein ikkje klara det. Men sjølv om halen ikkje blir rett, vil ein i det minste ha blitt sterkare.»   Mata Amritanandamayi



Teke frå Tysk Wikisource, 11. punkt
Opphavleg tekst:
«Die Philosophen haben die Welt nur verschieden interpretiert; es kömmt drauf an, sie zu verändern.»

Informasjon
Opphav: Karl Marx

Kjelde:Thesen über Feuerbach
Opphavleg mål: Tysk
År: 1845

Stikkord
filosofi
verda
endring
oppgåver
teori
«Filosofane har nøyd seg med å forklare verda på ulike måtar. Oppgåva er å forandre henne.»


«Filosofane har nøyd seg med å forklare verda på ulike måtar. Oppgåva er å forandre henne.»   Karl Marx



Teke frå about.com
Opphavleg tekst:
«The wind of change is blowing through this continent, and whether we like it or not, this growth of national consciousness is a political fact.»

Informasjon
Opphav: Harold Macmillan

Kjelde:Wind of Change (tale)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1960
Kontekst: Tale til det sørafrikanske parlamentet 3. februar 1960.

Stikkord
Afrika
endring
nasjonalisme
vind
Sør-Afrika
«Ein vind av forandring bles gjennom denne verdsdelen, og anten me liker det eller ikkje, er denne veksten av nasjonalt medvit eit politisk faktum.»
Harold Macmillan i Ghana i januar 1960.


«Ein vind av forandring bles gjennom denne verdsdelen, og anten me liker det eller ikkje, er denne veksten av nasjonalt medvit eit politisk faktum.»   Harold Macmillan



Teke frå Dansk Kultur
Opphavleg tekst:
«Aprils vejr og unge piger ligner hinanden, de er begge ustadige.»

Informasjon

Dansk ordtak


Opphavleg mål: Dansk
Sjå òg
Stikkord
april
ungdom
jenter
ungjenter
vêr
likskapar
«Aprilvêr og ungjenter liknar kvarandre, dei er begge ustadige.»
April Love av Arthur Hughes.


«Aprilvêr og ungjenter liknar kvarandre, dei er begge ustadige.» Dansk ordtak


Teke frå forfattar.net
Opphavleg tekst:
«Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger. Vi vil ikke forandre tingene våre til fugler og blomster. Vi vil la kaffekjelen være kaffekjelen og se den stå på frokostbordet, blank av aluminium og fylt med rykende kaffe.»

Informasjon
Opphav: Dag Solstad

Kjelde:Svingstol (bok)
Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger (tekst)
År: 1967
Kontekst: Teksten ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger” [...] på om lag to sider summerer Profil-gruppa sin poetikk opp på ein enkel og grei måte. forfattar.net

Stikkord
kaffi
ting
dikting
endring
aluminium
«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.»
Kaffikjelde av aluminium.


«Vi vil ikkje gi kaffikjelen venger. Vi vil ikkje forandre tinga våre til fuglar og blomar. Vi vil la kaffikjelen vere kaffikjelen og sjå han stå på frukostbordet, blank av aluminium og fylt med rykande kaffi.»   Dag Solstad



Teke frå «Krogkleven», En Jægers Erindringer 1850, side 21 (attgjeve i Nynorsk Wikpedia)
Opphavleg tekst:
«Jeg havde vel været her hundrede Gange; men denne Klevs største Værd er det, at den aldrig er liig sig selv. Snart hviler Skyen sig paa Fjeldets Toppe og glider i næste Moment ned i Dalen; snart spiller Lysningen i de stærkeste Farver hist og her langs Aasernes Sider, medens enkelte Partier hvile i en næsten sortagtig Skygge.»

Informasjon
Opphav: Bernhard Herre

Kjelde:Krogkleven (kapittel)
En Jægers Erindringer (bok)
Opphavleg mål: Dansk
År: 1850

Stikkord
norsk natur
endring
skyer
lys
skugge
«Eg hadde vel vore her hundre gonger, men denne kleiva sin største verdi er den at ho aldri er lik seg sjølv. Snart kviler skya seg på fjeltoppane og glir neste aguneblink ned i dalen, snart speler lysinga i dei sterkaste fargar hit og dit langs åssidene, medan enkelt parti ligg ei ein nesten svartleg skugge.»
Krokkleiva på Krokskogen


«Eg hadde vel vore her hundre gonger, men denne kleiva sin største verdi er den at ho aldri er lik seg sjølv. Snart kviler skya seg på fjeltoppane og glir neste aguneblink ned i dalen, snart speler lysinga i dei sterkaste fargar hit og dit langs åssidene, medan enkelt parti ligg ei ein nesten svartleg skugge.»   Bernhard Herre


Sjå og

[endre]