Carl Zeiss AG
Carl Zeiss AG | |||
| |||
| |||
Bransje | Optikk | ||
---|---|---|---|
Skipa | 17. november 1846 | ||
Eigenandel i | Zeiss Ikon, Contax | ||
Hovudkontor | Oberkochen, Jena[1] | ||
Land | Tyskland | ||
Produkt | kikkert, koordinatmålemaskin | ||
Grunnleggjar(ar) | Carl Zeiss | ||
Nettstad | https://www.zeiss.com (engelsk) |
Carl Zeiss AG er eit føretak i Tyskland som lagar optiske system, industrielle måleinstrument og legeutstyr. Det vart grunnlagd i Jena i 1846 av Carl Zeiss, Ernst Abbe og Otto Schott. Det finst i dag to delar av selskapet, Carl Zeiss AG i Oberkochen med viktige dotterselskap i Aalen, Göttingen og München, og Carl Zeiss GmbH som ligg i Jena. Det er den største produsenten av optisk utstyr i verda.
Carl Zeiss er det største føretaket i Zeiss Gruppe, ein av to store avdelinga av Carl-Zeiss-Stiftung. Zeiss Gruppe ligg i Heidenheim og Jena.
Ein annan avdeling av Carl Zeiss-Stiftung er glasfabrikantane Schott AG og Jenaer Glaswerk som ligg i Mainz og Jena.
Carl Zeiss er ein av dei eldste eksisterande føretaka for optiske instrument i verda.
Produkt
[endre | endre wikiteksten]Kamera
[endre | endre wikiteksten]Zeiss Ikon
[endre | endre wikiteksten]Det tradisjonsrike namnet Zeiss Ikon atteroppstod då Zeiss introduserte nye Zeiss Ikon i 2004. Dette er eit kamera i klasse med Leica og nyttar òg den same objektivfatninga, Leica M-fatning. Zeiss Ikon er produsert i Japan av Cosina.
Optikk
[endre | endre wikiteksten]ZM-objektiv
[endre | endre wikiteksten]ZM er objektiv med Leica M-fatning til det nye Zeiss Ikon-kameraet. (Eller, Zeiss Ikon er eit kamera til dei nye ZM-objektiva.) Dei passar òg til andre kamerahus med M-fatning, til dømes Konica Hexar, Cosina Voigtländer Bessa R, Rollei 35RF og Epson R-D. Somme av objektiva vert laga i Tyskland av Carl Zeiss, dei andre i Japan av Cosina.
- Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 15 mm
(Laga i Tyskland) - Carl Zeiss Distagon T✻ 1:4.0 18 mm
- Carl Zeiss Distagon T✻ 1:2.8 21 mm
- Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:4.5 21 mm
("C" står for "compact") - Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 25 mm
- Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.8 28 mm
- Carl Zeiss Biogon T✻ 1:2.0 35 mm
- Carl Zeiss C Biogon T✻ 1:2.8 35 mm
("C" for "compact") - Carl Zeiss C Sonnar T✻ 1:1.5 50 mm
("C" for "compact" og "classic") - Carl Zeiss Planar T✻ 1:2.0 50 mm
- Carl Zeiss Tele-Tessar T✻ 1:4.0 85 mm
- Carl Zeiss Sonnar T✻ 1:2.0 85 mm
(Laga i Tyskland)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Condensor"; inventarnummer: 2932; vitjingsdato: 22. januar 2024; oppført som: Carl Zeiss; utgjevingstidspunkt: 1950.
- Denne artikkelen byggjer på «Carl Zeiss AG» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2009.