Yannis Tsaroukhis
Yannis Tsaroukhis | |
Statsborgarskap | Hellas |
Fødd | 13. januar 1910 Piraeus i Hellas |
Død | |
Yrke | målar |
Språk | gresk, nygresk |
Nettstad | http://www.tsarouchis.gr/ |
Yannis Tsaroukhis på Commons |
Yannis Tsaroukhis (13. januar 1910–20. juli 1989) var ein gresk målar.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Han var fødd i Pireus og studerte ved Kunstakademiet i Aten (1929–1935). Han gjekk i lære hos Photios Kontoglou, som introduserte han for bysantinsk ikonografi. I lag med Dimitris Pikionis, Kontoglou og Angeliki Hatzimichali leia han rørsla som innførte greske tradisjonar i måling.
Frå 1935 til 1936 vitja han Istanbul, Paris og Italia. Han kom i kontakt med renessansekunst og impresjonisme. Han oppdaga verka til Theophilos Hatzimihail og møtte kunstnarar som Henri Matisse og Alberto Giacometti.
Han kom attende til Hellas i 1936 og to år seinare sette han opp den første personlege kunstutstillinga si i Aten. Han kjempa seinare i den gresk-italienske krigen i 1940. I 1949 oppretta han og andre kunstnarar, som Nikos Hadjikyriakos-Ghikas, Yannis Moralis, Nikos Nikolaou, Nikos Engonopoulos og Panayiotis Tetsis, kunstgruppa «Armos». I 1951 heldt han utstillingar i Paris og London. Han flytta til Paris i 1967.
Han døydde i Aten i 1989.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yannis Tsaroukhis» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Den greske Wikipedia-artikkelen