Hopp til innhald

Verdshandelssenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå World Trade Center)
Inngangen til verdshandelssenteret i Montréal.

Verdshandelssenter voks fram i USA og Japan på slutten av 1970-talet, og har sidan dukka opp i nær hundre land over heile verda. Eit slikt senter samlar alt ein treng for å driva internasjonal handel. Det kan samanliknast med eit kjøpesenter for vidarekomne, der verksemder og styresmakter kan møtast og samhandla. Dei nær 300 sentera er alle med i ein organisasjon, World Trade Center Association eller WTCA, som blei grunnlagd i New York i 1970.

Dei to tvillingtårna til verdshandelssenteret i New York.

Det best kjende av desse sentera er truleg verdshandelssenteret i New York, som blei øydelagd av eit terroriståtak i 2001. Det hadde tidlegare vore utsett for eit terroriståtak, i 1993. Handelssentera er ofte høge, dominerande bygg som stikk seg ut i bylandskapet, og dei er blitt synlege symbol på den aukande frihandelen og globaliseringa i verda. Dei kan dermed lett bli mål for terroristar som ønskjer å skapa ein ny verdsorden.


A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å