Vidaregåande skule
Utsjånad
(Omdirigert frå Videregåande skole)
Vidaregåande skule eller vidaregåande skole er siste delen av den norske grunnutdanninga og byggjer vidare på grunnskolen. Skolen har tre eller fire klassetrinn. For yrkesfagleg utdanning går det tredje året eigentleg over to år i lære i ei bedrift.
I Noreg har all ungdom mellom 16 og 19 år sidan 1994 hatt rett til eitt av tre alternative grunnkurs (studieretningar) som dei har søkt på, og til to års vidare opplæring som byggjer på første trinn.
Dagens struktur
[endre | endre wikiteksten]Sidan Kunnskapsløftet blei innført hausten 2006 har det vore tre studieførebuande og ni yrkesfaglege utdanningsprogram.
Studieførebuande utdanningsprogram:
Yrkesfaglege utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Design og handverk
- Elektrofag
- Helse- og sosialfag
- Medium og kommunikasjon
- Naturbruk
- Restaurant- og matfag
- Service og samferdsel
- Teknikk og industriell produksjon