Det svenske imperiet
Svenska Riket Konungariket Sverige Det svenske imperiet Stormaktstida | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Det svenske imperiet på det største i 1658. Oversjøiske område er ikkje vist. | |||||
Hovudstad | Stockholm | ||||
Språk | Svensk, Finsk, Norsk, Estisk, Samisk, Tysk, Livisk, Latvisk, Dansk | ||||
Religion | Lutheranisme (Austleg ortodoks tru anerkjend som minoritetsreligion) | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Konge | |||||
- 1611–1632 | Gustav II Adolf | ||||
- 1632–1654 | Kristina | ||||
- 1654–1660 | Karl X Gustav | ||||
- 1660–1697 | Karl XI | ||||
- 1697–1718 | Karl XII | ||||
Statsminister | |||||
- 1612–1654 | Axel Oxenstierna | ||||
- 1654–1656 | Erik Oxenstierna | ||||
- 1660–1686 | Magnus Gabriel De la Gardie | ||||
Lovgjevande forsamling | Riksdagen | ||||
Historisk periode | Tidleg moderne Europa | ||||
- Oppretta | 1611 | ||||
- Opphøyrde | 1718 | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1600-talet est. | 2 500 000 | ||||
Valuta | Riksdalar, Mark (fram til 1664), karolin (frå 1664) | ||||
I dag ein del av | Sverige Finland Noreg Russland Estland Latvia Tyskland Danmark Polen Ghana Frankrike USA Trinidad og Tobago Saint-Barthélemy Guadeloupe |
Kongedømet Sverige var mellom 1611 og 1718 ei av stormaktene i Europa.[1] I moderne historie vert perioden kalla Det svenske imperiet, eller på svensk stormaktstiden.[1]
Stormaktstida blir inndelt i yngre Vasatid (1611-1654) og Karolinartida (1654-1718). Stormaktstida blir rekna for å ha starta då Gustav II Adolf tok over trona i 1611, sjølv om nokre meiner perioden kan reknast frå 1561, då Erik XIV starta ekspansjonen til Sverige rundt Austersjøen ved å sende ein hær til Reval (dagens Tallinn). Stormaktstida vart avslutta då Sverige tapte i den store nordiske krigen (1700-1721), og heilt konkret då Karl XII fall ved Halden i Noreg.
Den svenske stormaktstida var relativ kort og alltid skjør. Det underliggande ressursgrunnlaget til Sverige i folkesetnad og næringsliv var avgrensa og gjennom erobringstokt mot fleire omliggande land fekk landet etter kvart mange fiendar. Når arvefiende Russland vart modernisert under Peter I enda tida til Sverige som stormakt. Etter at Karl XII mista livet ved Fredrikshald vart krigskassen til landet fordelt og den store arméen vart oppløyst. Deretter følgde ein kort og intensiv kamp om makta i Sverige mellom ulike fraksjonar og straks etter vart det underteikna fredsavtalar med dei ulike nasjonane Sverige hadde vore i krig med.
Under stormaktstida var Sverige ofte avhengig av finansiell og militær støtte frå meir utvikla europeiske land. Under trettiårskrigen mottok Sverige store subsidiar frå Frankrike som var interessert i å sjå den dominerande tyske fyrsteslekta Habsburg veikt. Handelsnasjonane England og Nederland var mot at eit enkelt land skulle dominere Austersjøen og støtta difor Sverige når landet var pressa av Danmark-Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Stormaktstiden» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2010.
- ↑ 1,0 1,1 Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Harlow: Longman. s. 133, 343. ISBN 978-0-582-06429-4.