Steam
Steam | |||
| |||
| |||
Skapar | Valve Corporation | ||
---|---|---|---|
Utviklar | Valve Corporation | ||
Utgjevar | Microsoft Store, Google Play, App Store, Valve Corporation | ||
Utgjeve | 12. september 2003 | ||
Nyaste versjon | 1.0.0.79 (8. februar 2024)[1] | ||
Plattform | Android, Microsoft Windows, Unix-variant | ||
Operativsystem | Microsoft Windows, macOS, Linux, Android, iOS, Windows Phone | ||
Skriven i | C++, Programmeringsspråket Java, Objective-C | ||
Type | digital rights management | ||
Lisens | proprietær lisens | ||
Nettstad | https://store.steampowered.com |
Steam er ei digital distribusjonplattform for dataspel utvikla av Valve Corporation. Ho vart utgjeve i 2003 som eit boteråd for Valve å gje automatiske oppdateringar til sine eigenutvikla dataspel. Plattforma utvikla seg etter kvart til å inkludere dataspel frå andre utviklarar og utgjevarar. Steam tilbyr digital rights management (DRM), tenarar for matchmaking, strøyming av video og sosiale nettverkstenester. Programmet tilbyr også brukaren installasjon og automatiske oppdateringar av dataspel, kommunikative funksjonar som venelister og grupper, lagring i nettskyen og voice-chat i dataspel.
Steam er den største digitale distribusjonsplattforma for PC-spel, og var i 2013 rekna til å ha ein marknadsdel på 75%. I 2017 kjøpte brukarane av tenesta spel for om lag 4,3 milliardar USD, som representerte rundt 18% av det globale salet av PC-spel.[2] I 2019 hadde Steam over ein milliard registrerte kontoar med 90 millionar månadlege aktive brukarar.[3] Suksessen til plattforma har ført til utvikling av ein serie konsollar med eit operativsystem SteamOS og Steam Controller, i tillegg til Steam VR med virtual reality.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://cdn.akamai.steamstatic.com/client/installer/steam.deb.
- ↑ «With $4.3 billion in sales, 2017 was Steam’s biggest year yet». PCGamesN. 23. mars 2018. Henta 27. mai 2019.
- ↑ «Steam Has Reached 1 Billion Users». TheGamer. 30. april 2019. Henta 27. mai 2019.