Hopp til innhald

Diomedea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. mars 2012 kl. 18:39 av Roarjo (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «{{Taksoboks| namn = Vandrealbatross| filnamn = Diomedea epomophora - SE Tasmania crop.jpg| biletstorleik = 250px| bilettekst = Kongealbatross {{foto|JJ Harrison}}| k...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Vandrealbatross


Kongealbatross Foto: JJ Harrison
Kongealbatross
Foto: JJ Harrison
Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Diomedea
Artar
  • D. epomophora
  • Vitskapleg namn
    Diomedea

    Diomedea er ei biologisk slekt av dei største albatrossane. Namnet kjem frå den greske helten Diomedes, som etter legenda vart driven til Italia av ein storm og stranda med følgjesveinane sine som vart til fuglar.[1]

    Skildring

    Dette er ikkje berre dei største albatrossane, men òg blant dei største av alle flygande fuglar. Og dei har dei største vengespenna av alle fuglar, med eit gjennomsnitt på over 3 meter. Store vaksne hannar av desse to artane kan overstige 11 kg i vekt, og er likeså tung som ei stor svane.

    Diomedea-albatrossane er hovudsakleg kvite i fjørdrakt som vaksne, og blir kvitare med alderen. Kongealbatross i alle aldrar og storleikar, eldre hannar av vandrealbatross er heilt kvite som funksjonsfriske, medan vaksne hoer og yngre eksemplar har mørke pennemerke på fjørkantane. Vanlegvis har dei mindre underartane og ungfuglar meir mørkebrun farge. Den nyleg oppdaga underarten D. exulans amsterdamensis held på den mørkebrune fjørdrakta av ungfuglar inn i vaksenlivet.

    Dette er store sjøfuglar med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet, og hekkar på isolerte øyar. Vandrealbatrossane hekkar på øyar rundt Sørishavet, frå Atlanterhavet, Sør-Georgia og Tristan da Cunha, til Det indiske havet og sub-antarktiske øyar utanfor New Zealand. Kongealbatrossane hekkar berre på New Zealands sub-antarktiske øyar, med ein uvanleg koloni på Otago-halvøya på New Zealand.

    Taksonomi

    Diomedea-albatrossar med underartar, etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2]

    • Diomedea epomophora epomophora, sørleg kongealbatross
    • Diomedea epomophora sanfordi, nordleg kongealbatross

    I versjon 2.11 av IOC World Bird List er fire av underartane opphøgd til artar og der er lista til saman seks artar i .[3]

    Kjelder

    • Gotch, A. F. (1995) [1979]. «Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels». Latin Names Explained. A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. s. 190. ISBN 0 8160 3377 3. 
    • Haaramo, Mikko (2005): Mikko's Phylogeny Archive: Diomedeidae - albatrosses. Version of 2005-11-15. Retrieved 2006-09-25.
    • Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext
    • Olson, Storrs L. (1985): Section X, H, 1. Diomedeidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 208-210. Academic Press, New York.
    • Penhallurick, John & Wink, Michael (2004): Analysis of the taxonomy and nomenclature of the Procellariformes based on complete nucleotide sequences of the mitochondrial cytochrome b gene. Emu 104(2): 125-147. doi:10.1071/MU01060 (HTML abstract)
    • Rheindt, F. E. & Austin, J. (2005): Major analytical and conceptual shortcomings in a recent taxonomic revision of the Procellariiformes - A reply to Penhallurick and Wink (2004). Emu 105(2): 181-186. doi:10.1071/MU04039 PDF fulltext

    Referansar

    1. Gotch, A. F. (1995)
    2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. januar 2012 
    3. Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2012. IOC World Bird Names (version 2.11) Lest 10. mars 2012