Hopp til innhald

Pseudomalakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pseudomalakitt

Pseudomalakitt frå Flinders County i New South Wales i Australia. Prøven er 4,3 cm
Generelt
KategoriFosfatmineral
Kjemisk formelCu5(PO4)2(OH)4
Strunz-klassifisering08.BD.05
Dana-klassifisering41.04.03.01
KrystallsymmetriMonoklin 2/m
Einingscellea = 4.47 Å, b = 5.75 Å, c = 17.05 Å; β = 91.06°; Z = 2
Identifikasjon
Molekylvekt575.7 g
FargeMørk smaragdgrøn til svartaktig grøn
KrystallformKrystallar, som er sjeldne, er prismatiske, vanlegvis med ei ujamn overside. Vanlegvis kompakt, nyreforma eller botryoidal, eller kan vere trådaktig eller i skorper og filmar.
KrystallsystemMonoklin prismatisk
Tvillingpå {100}
Kløyvperfekt på {100}, tydeleg på {010}
BrotFlisete eller muslig
Mohs hardleiksskala4.5-5
Glansglasaktig
StrekfargeBlågrøn, bleikare enn mineralet
TransparensGjennomskinneleg til nesten gjennomskineleg
Spesifikk vekt(Målt) 4.15 til 4.35
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.791 nβ = 1.856 nγ = 1.867
Dobbeltbrytingδ = 0.076
PleokroismeSvak; X = blågrøn til bleik grøn; Y = gulaktig grøn; Z = mørkeblågrøn til blågrøn
2V-vinkel48°
Dispersjon (spreiing)Kraftig r<v. Òg Toaksa (+) r>v
OppløyselegheitOppløyseleg i syrer, men utan bobling (i motsetnad til malakitt som bobler i varm saltsyre)
Andre eigenskaparIkkje fluorescerande, ikkje radioaktiv
Kjelder[1][2][3][4]

Pseudomalakitt er eit grønt mineral av kopar og fosfat, Cu5(PO4)2(OH)4. Det vert danna ved forvitring av koparertsar. Det liknar koparkarbonatet malakitt.

Typelokalitet er Virneberg-gruva i Rheinbreitbach i Westerwald i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Dette er eit område der gruvedrift for kopar går attande til romersk tid, og som vart driven i periodar fram til 1872.[1]

I Noreg er det funne på sprekker i kvartsitt i eit steinbrot ved Heddalsvann.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]