Okeanider
Okeanider (Okeanos-døtrene) er ei gruppe hav- eller vassnymfer i gresk mytologi. Dei er døtrer av titanane Okeanos, ei lekamleggjering av urstraumen som omsluttar verda, og Tethys, opphavet til ferskvatn.
Okeanidene er ein type undriner - kvinnelege, menneskeforma vesen som lever i hav og vatn. Ifølgje Hesiod finst det 3000 av dei, og dei finst over heile verda og i havdjupnene.[1] Andre opprekningar gjev lågare tal; Hyginus nemner til dømes berre 17.[2] Brørne deira er også mange i talet og er vernegudar for elver.
Mange av okeanidene er knytt til havguden Poseidon. Det blir fortald at på dagar med solskin kunne ein få glimt av okeanider på havflata. Dei køyrde i skumsprutande vogner trekte av hippokamposar og pynta med blomar og kransar.
Det var vanleg for sjøfolk å tilbe okeanider med offer for å verna seg mot uvêr og ulukke på havet. Argonautane ofra mjøl, olje, honning og okser til dei før dei la ut på ferda si for å henta det gylne skinnet.
Okeanider i nyare tid
[endre | endre wikiteksten]Den finske komponisten Jean Sibelius skreiv eit orkesterverk kalla Aallottaret (Okeanidene) i 1914.[3]
Enkeltokeanider
[endre | endre wikiteksten]- Amfitrite, kona til Poseidon, blir nemnd anten som ei okeanide eller ei nereide.
- Asia, kona til Iapetos og mor til Atlas, Promethevs, Epimethevs og Menoitios.
- Doris, gudinne for rikdommen frå havet
- Evrynome, ei elvegudinne og tredje kona til Zevs
- Kalypso, som er kjend frå Odysseen
- Klymene, kona til Iapetos
- Metis, ei visdomsgudinne og den første kona til Zevs
- Nemesis
- Pleione, mor til Pleiadane
- Rhode, Rhodea eller Rhodia, gudinne for Rhodos
- Telesto, ei havgudinne som lekamleggjorde gudesigning og suksess
- Tyche, ei lukkegudinne
- Styx, knytt til elva i underverda
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hesiod, Theogonien, 346 ff
- ↑ Fabulae
- ↑ The Oceanides (Aallottaret), tone poem for orchestra, Op. 73, Allmusic
- Norsk allkunnebok, Oslo: Fonna, 1959, s. 71
- Dear, I. C. B.; Peter Kemp, red. (2006), «Oceanides», The Oxford Companion to Ships and the Sea (Oxford University Press)
- Fosmark, Kjellrun (1998). Guder, volver og sjamaner: en sammenlignende reise i gresk, norrøn og samisk mytologi. Huitfeldt forl. s. 92. ISBN 8270031992.
- Leeming, David (2005), «Oceanids», The Oxford Companion to World Mythology, Oxford University Press
- Lindefjeld-Hauge, Nanna (1947). Antikkens guder og helter: mytologiske skisser og fritt fortalte sagn med navne- og slektsregister. Cappelen. s. 104, 127, 143.
- Moe, Åse (1993). Hekser og troll: vardøger, varsler, fabeldyr og spøkelser. Gyldendal. s. 127. ISBN 8205217734.