Hopp til innhald

Norad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå NORAD)
Norad

Hydrobygget
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971277882
Skipa1968
MorselskapUtanriksdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg[1]
Dagleg leiarRudolf Kristian Andresen, Arne Arnesen, Borger A. Lenth, Nils Vogt, Per Øystein Grimstad, Tove Strand, Poul Engberg-Pedersen, Villa Kulild, Jon Lomøy,[2] Bård Vegar Solhjell[3]
Tilsette230 (2014)[4]
Nettstadhttps://www.norad.no/ (norsk)

Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad)[5][6] er eit norsk statleg direktorat for utviklingssamarbeid. Direktoratet er ein fagetat som ligg under Utanriksdepartementet.[5] I saker som gjeld norsk klima- og skogsatsing, er Norad underlagt Klima- og miljødepartementet. Norad gjev faglege råd til dei som yter bistand og sørgjer for kvalitetssikring og evaluering av norsk bistand, og å kommunisera resultata til den norske allmugen. Norad forvaltar statlege middel som vert kanaliserte gjennom norske frivillige organisasjonar, internasjonale organisasjonar, forsking og næringsliv for utviklingsføremål.

I 2014 gav Noreg 31,7 milliardar norske kroner i bistand. Det utgjorde 0,99 prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt. Afghanistan var då det landet som fekk mest norsk bistand. Noreg og fire andre medlemsland i [[OECD{s utviklingskomité oppfylte i 2014 SNs mål om å bruka minst 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) på bistand.[7]

Norsk statleg utviklingssamarbeid byrja med at Stortinget grunnla Fondet for hjelp til underutviklede i juni 1952, òg kalla Indiafondet.[8] Gjennom den første bilaterale bistandsavtala, som vart underskriven mellom Noreg, India og SN, støtta Noreg helsearbeid og skipa Fiskeriprosjektet i Kerala.

På byrjinga av 1960-talet vart det vedteke å auka den samla utviklingshjelpen til Noreg, som etter kvart vart utvida til å omfatta land i Afrika og andre land i Asia. I 1962 vart Fondet for hjelp til underutvikla land endra til Norsk Utviklingshjelp, som skulle vera ein frittståande statleg institusjon med eige styre.

I 1968 vart Norad (Norwegian Agency for Development Cooperation) oppretta som eit frittståande direktorat under Utanriksdepartementet, med instruks om å «trekke opp planer for anvendelse av Norges samlede offentlige bistand til utviklingslandene og for samordning av denne bistanden».[9] Forvaltinga av norsk bistand var delt mellom Utanriksdepartementet (UD) og Norad. Direktoratet hadde ansvaret for den langsiktige bilaterale bistanden, medan UD hadde ansvar for å forvalta den multilaterale bistanden via internasjonale organisasjonar som SN, Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og dessutan nødhjelp og humanitær bistand.

I perioden 1984-89 var direktoratet ein del av Departementet for utviklingshjelp (DUH), deretter frittståande direktorat underlagt UD 1989-2004. Frå 2004 vart ansvaret for alle ambassadar med bistandsoppgåver flytta frå Norad til UD, som òg overtok forvaltinga av stat-til-stat-samarbeid. Norad vart gjort om til ein fagetat som fokuserer på oppgåver knytt til rådgiving, tilskottsforvalting, kvalitetssikring, kommunikasjon og evaluering av norsk bistand.[10]

Arbeidsoppgåver

[endre | endre wikiteksten]

I tråd med Instruks for Direktoratet for utviklingssamarbeid fokuserer Norad på bistands- og utviklingssamarbeid kring fem hovudoppgåver: Bistandsfagleg rådgjeving, kvalitetssikring og kontroll, tilskottsordningar, kommunikasjon og evalueringar.

Norad gjev bistandsfagleg rådgjeving til UD og utanriksstasjonane. Norske utanrikspolitiske og utviklingspolitiske føringar ligg til grunn for arbeidet til Norad. Rådgjevinga er basert på bistandsfagleg ekspertise som sit i fagavdelingene. Norad legg vekt på å forstå samanhengen bistanden skal verka i. Dette omfattar politiske, økonomiske og sosiale tilhøve i samarbeidslanda.

Kvalitetssikring og kontroll av bistandsforvaltinga er ei av hovudoppgåvene til Norad. Direktoratet og UD har utarbeidd ei rekkje manualar og støttehandbøker som skildrar prinsipp, prosedyrar, metodar og retningslinjer for kvalitetssikring og risikohansaming, som skal sikra at bistanden vert forvalta i tråd med vedtekne retningslinjer for statleg økonomistyring, og for å oppnå ynskte resultat. Norad gjer årleg rundt ti forvaltingsgjennomgangar på norske bistandsambassadar. UD pålegg Norad å ha eit generelt resultatfokus i den faglege rådgjevinga si. For å bidra til dette resultatarbeidet oppretta Norad i 2011 ein statistikkportal.[11]

Tilskottsordningar

[endre | endre wikiteksten]

Norad samarbeider både med frivillige organisasjonar, næringsliv og til utdannings- og forskingsinstitusjonar. Det meste av dette samarbeidet er organisert gjennom ulike tilskottsordningar.[12]

Informasjonsstøtte

[endre | endre wikiteksten]

NORADs støtteordning for informasjon om nord/sør- og utviklingsspørsmål byggjer på den norske folkeopplysningstradisjonen. Det tyder at opplysningsarbeidet har som målsetjing å:

  • Nå breitt ut i samfunnet, både geografisk og sosialt
  • Leggja til rette for å stimulera til engasjement, aktiv handling og deltaking i demokratiske prosessar
  • Vera utforma slik at ulike tileigninga av kunnskap og innsikt til ulike målgrupper i størst mogleg grad skjer gjennom refleksjon, kritisk debatt, dialog og læring.

Norsk bistands- og utviklingspolitikk

[endre | endre wikiteksten]

Det overordna målet for den norske utviklingspolitikken er å redusera fattigdom og fremje menneskerettar. Difor støttar Noreg tusenårsmål til SN. Dette er den tverrpolitiske semja om i Noreg. Dei politiske partia har likevel ulike meiningar om kva for delmål og verkemiddel som best bidreg til å redusera fattigdom og framme menneskerettar. Regjeringa angjev sin politikk i stortingmeldingar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]