When the Wind Blows
Regi | Jimmy Murakami | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | John Coates | ||
Manus | Raymond Briggs | ||
Basert på | When the Wind Blows | ||
Stemmeskodespelar | Peggy Ashcroft, John Mills, Robin Houston | ||
Musikk | Roger Waters | ||
Utgjevingsdato | 24. oktober 1986, 20. november 1986 (Tyskland),[1] 6. februar 1987 (London),[2] 30. oktober 1987 (Canada),[2] 11. mars 1988 (USA),[2] 1986 | ||
Lengd | 81 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia | ||
Språk | engelsk | ||
Sjanger | dramakomedie, dramafilm |
When the Wind Blows er ein animert film som kom ut i Storbritannia i 1986. Filmen er basert på den grafiske novella med same namn av Raymond Briggs. Filmen var regissert av Jimmy Murakami og hadde stemmer av John Mills og Peggy Ashcroft.
Filmen var det andre samarbeidet til Briggs med TVC, etter at dei hadde laga The Snowman i lag i 1982. Han vart distribuert av Recorded Releasing i Storbritannia og Kings Road Entertainment i USA. Ein oppfølgjar av Briggs, Ethel and Ernest (1998), gjorde det klart at Briggs baserte hovudpersonane i When the Wind Blows på hans eigne foreldre.
When the Wind Blows er ei blanding av teikna animasjon og «stop-motion»-animasjon. Hovudrollene Jim og Hilda Bloggs er teikna, medan heimen deira og dei fleste lekamane er verkelege ting som sjeldan vert flytta, men som vert animert med «stop motion» når dei vert.
Filmmusikken inneheld musikk av Roger Waters og David Bowie (som song tittelsongen), Genesis, Squeeze og Paul Hardcastle.
Oppsummering
[endre | endre wikiteksten]When the Wind Blows omhandlar eit atomåtak på Storbritannia frå Sovjetunionen sett frå det pensjonerte paret, Jim og Hilda Bloggs. Familien Blogg lever i landlege Sussex og er forvirra omkring omstendet og kor alvorleg situasjonen deira er. Denne forvirringa vert stundom nytta til å skape ein lett komedie, i tillegg til mørkare element. Etter kvart som filmen går framover vert ting stadig meir håplause då paret vert råka av effektane av strålingssjuke. Filmen sluttar særs dyster, medan paret bed i tilfluktsrommet sitt før dei døyr.
Heilt mot slutten av rulleteksten kan ein høyre ein morsekode som stavar «MAD».
Filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]When the Wind Blows Filmmusikkalbum av Forskjellige artitar, Roger Waters og The Bleeding Heart Band | ||
Utgjeve | 16. mai 1986 | |
Innspelt | Vintere 1985 | |
Sjanger | dramakomedie, dramafilm | |
Lengd | 45:36 | |
Selskap | Virgin Records | |
Komponist | Roger Waters | |
Produsent | Roger Waters David Bowie Hugh Cornwell Peter Hammond Paul Hardcastle Squeeze | |
Roger Waters-kronologi | ||
---|---|---|
The Pros and Cons of Hitch Hiking (1984) |
When the Wind Blows | Radio K.A.O.S. (1987)
|
Singlar frå When the Wind Blows | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Filmmusikkalbumet er delt i to, der Roger Waters og The Bleeding Heart Band framfører alle songane på side B av den opphavlege B-sida, medan resten av albumet er andre artistar. David Bowie skreiv tittelsporet og Genesis ein instrumental, «The Brazilian», som bere finst her.
På somme versjonar av albumet vert alle Roger Waters-songane sett i saman til eitt enkelt spor på 24 minuttar. Teksten til avslutningssongen «Folded Flags» inneheld ein referanse til songen «Hey Joe» og tekstlinjene «Hey Joe, where you goin' with that gun in your hand?», der Waters syng «Hey Joe, where you goin' with that dogma in your head?»[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Artist | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «When the Wind Blows» | Bowie, Erdal Kizilcay | David Bowie | 03:35 |
2. | «Facts And Figures» | Edgar Sampson | Hugh Cornwell | 4:19 |
3. | «The Brazilian» | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | Genesis | 4:51 |
4. | «What Have They Done?» | Chris Difford, Glenn Tilbrook | Squeeze | 3:39 |
5. | «The Shuffle» | Hardcastle | Paul Hardcastle | 4:16 |
Alle songar er skrivne av Roger Waters og framført av Wates og The Bleeding Heart Band.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «The Russian Missile» | 0:10 |
7. | «Towers of Faith» | 7:00 |
8. | «Hilda's Dream» | 1:36 |
9. | «The American Bomber» | 0:07 |
10. | «The Anderson Shelter» | 1:13 |
11. | «The British Submarine» | 0:14 |
12. | «The Attack» | 2:53 |
13. | «The Fall Out» | 2:04 |
14. | «Hilda's Hair» | 4:20 |
15. | «Folded Flags» | 4:51 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]The Bleeding Heart Band
[endre | endre wikiteksten]- Roger Waters – bassgitar, akustisk gitar, vokal på «Towers of Faith» og «Folded Flags»
- Jay Stapley – gitar
- Snowy White – gitar
- John Gordon – bassgitar
- Matt Irving – klaverinstrument, orgel
- Nick Glennie-Smith – piano, orgel
- John Linwood – Linn-programmering
- Freddie Krc – trommer, perkusjon
- Mel Collins – saksofon
- Clare Torry – korvokal på «Towers of Faith»
- Paul Carrack – klaverinstrument og vokal på «Folded Flags»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «When the Wind Blows (film)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2011.
- ↑ http://www.zelluloid.de/filme/index.php3?id=16788; vitjingsdato: 7. april 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 https://www.imdb.com/title/tt0090315/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 15. januar 2023.
- ↑ «Allmusic review».
- ↑ «When The Wind Blows lyrics». Roger Waters International Fan Club. Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 8. mars 2011.