Hopp til innhald

Melum kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melum kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Skien
Sokn Melum
Fellesråd Skien
Type langkyrkje
Teknikk lafteverk og bindingsverk
Material tre
Innvigd 24. oktober 1728
 •  Endringar 1767, 1840, 1883, 1897, 1928, 1970–76
Tårn i vest
Klokker 2: 1200-talet og 1778
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle katekismetavle frå 1618
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1970
Sitjeplassar 150
Kart
Melum kyrkje
59°12′32″N 9°25′44″E / 59.20890556°N 9.42886389°E / 59.20890556; 9.42886389
Wikimedia Commons: Mælum kirke
Altartavla med monogram for kong Kristian IV og dronning Anna Kathrine.
Foto: Orf3us
På vindfløya finn vi årstalet 1767. Då fekk kyrkja tårn, men dette vart fornya i 1840.
Foto: Orf3us

Melum kyrkje (eldre stavemåte: Mælum) er ei langkyrkje frå 1728 i Skien kommune i Telemark.

Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som var vigd til den heilage Lavrans. Ho vart oppført få år etter den store kyrkjeauksjonen i 1723. Skipet og koret er lafta, medan tårnet (frå 1840) er i bindingsverk. Dåpssakristiet er frå 1883. Kyrkja vart mykje endra i 1883, då kyrkja vart mykje endra. Mellom anna vart vindauga gjort større og veggane måla. Sidan er kyrkja restaurert og veggane avluta.

Altartavla er ei katekismetavle frå tidleg på 1600-talet. Ho har truleg vore brukt i Skien kyrkje før ho kom til Melum. I kyrkja finn ein òg ein kyrkjestol for Løvenskiold-familien, og på denne og på galleribrystninga er det måla våpenskjold. Brekke museum i Skien har gamalt inventar frå den tidlegare Melum-kyrkja.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]