Hopp til innhald

Søylestraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mantelplum)
Diagram som viser ei gjennomskjering av litosfæren (i gult) med magma som strøymer i gjennom mantelen (i raudt)

Søylestraum (engelsk mantle plume eller hot spot, 'heit flekk') er ei søyle av magmatisk lava som stig opp frå stort djup i mantelen, gjennom ei såkalla mantel-diapir. Slike søylestraumer skapar eit basaltisk lavakammer eller utbrot som kan danne øyer (som Réunion), eller heve større område opp som ved Yellowstone og Island.

«Heite flekkar» viser til stader i bakken der mantelen er ekstra varm. Hawaii, Kanariøyene og Kapp Verde er døme på vulkanområde som ligg over slike flekkar. Island ligg både på ein heit flekk og på ein midthavsrygg.

Dei største områda vi kjenner som er danna av søylestraummar er Dei sibirske trappene (251 mill år sidan), Island, Yellowstone-provinsen, og basaltområda i Aust-Afrika.

Spire Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.