Hopp til innhald

Respirasjonssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Luftvegane)
Spalteopning i tomatblad.

Respirasjonssystem i ulike organismar er celler og organ som syter for anding, det vil seie at oksygen og karbondioksid blir utveksla mellom organismen og omverda. Dyr andar inn oksygen og skil ut karbondioksid. I pattedyr omfattar systemet luftvegar som nase, munn og svelg, lungene og musklar. I andre dyr, som amfibium, skjer noko av gassutvesklinga gjennom huda.

Også plantar har respirasjonssystem, men dei kan også utveksla gass andre vegen, altså ta opp karbondioksid og skilja ut oksygen. Ein del plantar nyttar spalteopningar på undersida av blada som del av sitt respirasjonssystem.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

«respirasjon» i Store norske leksikon, snl.no.

«respirasjon (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.