Lowrey-orgel
Lowrey-orgel er eit elektrisk orgel kalla opp etter utviklaren av orgelet, Frederick C. Lowrey (1871-1955), som var ein Chicago-basert industrimann og entreprenør.[1] Det første elektriske orgelet i full storleik av Lowrey som selde godt, var Model S Spinet eller Berkshire, og kom på marknaden i 1955, same året han døydde.[2] Lowrey hadde tidlegare utvikla ekstra utstyr for piano, som la til elektriske orgelpiper på 60 notar, samstundes som pianoet var fullt funksjonelt. Dette vart kalla Organo og vart først marknadsført i 1949[3] som ein særs suksessrik konkurrent til Hammond Solovox.
I 1960- og 1970-åra var Lowrey den største produsenten av elektriske orgel i verda.[1] I 1989 produserte Lowrey Organ Company orgel nummer éin million.[4] Fram til 2011 vart dei moderne Lowrey-orgla bygde i LaGrange Park i Illinois, før produksjonen av somme modellar vart flytta til Indonesia.
Lowrey-orgel vart nytta av somme rockegrupper i 1960- og 1970-åra. Garth Hudson, klaverspelar i The Band, spelte på Lowrey Festival-orgel på somme av dei mest kjende songane til gruppa,[5] som på «Chest Fever» frå 1968.[6] Lowrey-orgelet kan òg høyrast på fleire The Beatles-songar, som «Being for the Benefit of Mr. Kite!» (frå Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band)[7] og opninga av «Lucy in the Sky with Diamonds».[8] The Who nytta eit Lowrey-orgel, gjennom ein synthesizer på songen «Baba O'Riley».[9]
Mike Ratledge i Soft Machine spelte på eit Lowrey Holiday Deluxe[2] Mike Oldfield spelte på instrumentet på albumet Tubular Bells og fleire seinare album.
I 1988 vart Lowrey kjøpt opp av Kawai.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lowrey organ» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Girardot, Jan (2007). «Organ Tradenames». Musical Instrument Technicians Association. Arkivert frå originalen 13. september 2020. Henta 11. august 2019.
- ↑ 2,0 2,1 Frank Pugno, Bil Curry (3. november 2005). «LOWREY ORGANS». Electronic Organs (theatreorgans.com/hammond/keng/kenhtml/electronicorgans.htm). VintageHammond.Com.
- ↑ Davies, Hugh. «Organo». Grove Music Online. Oxford University Press. Henta 13. september 2020.
- ↑ «Music Trades». 1. juli 1989. Arkivert frå originalen 3. september 2009. Henta 13. september 2020.
- ↑ Doerschuk, Bob (December 1983). «Garth Hudson: Legendary Organist with '60s Supergroup 'The Band'». Keyboard Magazine.
- ↑ Johnson, Brian D. (22. juli 2002). «Garth Hudson (Profile)». Maclean's.
- ↑ Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books.
- ↑ Babiuk, Andy (2001). Beatles Gear. San Francisco: BackBeat Books.
- ↑ «Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 organ: Baba O’Riley/Won’t Get Fooled Again ‘synthesizer’ sound». Whotabs. 27. august 2005. Henta 13. september 2020.
- ↑ http://www.kawai-global.com/company/history/