Kelvin
Utsjånad
Omrekning frå | til | formel |
---|---|---|
celsius | fahrenheit | °F = (°C · 9/5) + 32 |
fahrenheit | celsius | °C = (°F − 32) · 5/9 |
celsius | kelvin | K = °C + 273,15 |
kelvin | celsius | °C = K − 273,15 |
fahrenheit | kelvin | K = (°F + 460) · 5/9 |
kelvin | fahrenheit | °F = (K · 9/5) − 460 |
Fleire formlar for temperaturomrekning |
Kelvin er SI-eininga for temperatur. Symbolet for kelvin er K.
Ein temperaturforskjell på 1 kelvin er lik ein forskjell på ein grad på celsius-skalaen. Men kelvin-skalaen byrjar mykje lågare; 0 K er det absolutte nullpunktet med temperatur lik −273,15 °C. Ofte er det nøyaktig nok å bruka −273 °C i omrekning mellom kelvin og grader celsius.
Eininga er kalla opp etter den britiske fysikaren og ingeniøren William Thomson, lord Kelvin.