Hopp til innhald

Karoline Grøvdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Karoline Bjerkeli Grøvdal)
Karoline Grøvdal


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juni 1990 (34 år)
Ålesund kommune
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 10 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner, EM i friidrett 2024 – Halvmaraton kvinner
Karoline Bjerkeli Grøvdal varmar opp til Bislett Games i 2010.

Karoline Bjerkeli Grøvdal (fødd 14. juni 1990) er ein norsk friidrettsutøvar frå Isfjorden i Rauma kommune. Ho vart europameister i halvmaraton under EM i friidrett 2024 i Roma, der ho også tok sølvmedaljen på 5 000 meter. Tidlegare vann ho bronse på 10 000 meter under EM i friidrett 2016 og i 3 000 meter hinder ved EM i friidrett 2018. Grøvdal er norsk rekordhaldar i 3 000 meter hinder og på 5 000 meter.

Den tidlegare langrennsløparen Håvard Bjerkeli er syskenbarnet hennar.

Karoline Bjerkeli Grøvdal representerer Sportsklubben Vidar. Tidlegare tevla ho innan både langrenn, motbakkeløp, hinder og langdistanseløp, men har dei siste åra konsentrert seg meir om friidretten. Ho er utdanna ved Norges ToppidrettsgymnasLillehammer.[1]

I oktober 2009 vart Bjerkeli Grøvdal kåra til årets «Rising Star» av det europeiske friidrettsforbundet etter dei to gullprestasjonane sine frå U20 EM i Novi Sad. Fleire år har Kondis gjeve henne gullskostatuettar som Årets løpar.[1]

Etter å ha klart B-kravet til OL vart Bjerkeli Grøvdal teken ut som norsk OL-deltakar til sommar-OL 2012 i London. Dette vart avgjort under det siste OL-uttaket den 9. juli.[2] Her sette ho ny personleg rekord på 5000 meter, men rauk ut likevel.[3] Dette var fyrste gongen Karoline deltok i OL.

Resultat (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 2006 – NM senior – gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.33,19 - Noregsrekord)
  • 2006 – Junior VM i Beijing – 5.plass – 3000 meter hinder
  • 2007 – U20 EM, Gullmedalje, 3000 meter hinder
  • 2008 – NM i friidrett Gullmedalje – 5000 meter (tid: 16.08,22)
  • 2009 – NM i terrengløp, Trondheim – gullmedalje – 2000 meter (tid: 6.23,2)
  • 2009 – NM i motbakkeløp, Geiranger – gullmedalje
  • 2009 – U20-EM i Novi Sad – Gull 5000 meter og gull på 3000 meter hinder
  • 2009 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.52,06),
  • 2009 – NM i terrengløp 6km Jessheim – gullmedalje
  • 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 5000 meter (tid: 15:49.61)
  • 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder
  • 2010 – NM i terrengløp - gullmedalje - kort løype (2 km), stafett (2+4+2 km) og lang løype (6 km)
  • 2011 – Lag-EM i friidrett (First League) – bronse på 5000 meter
  • 2011 – Lag-EM i friidrett (First League) – sølv på 3000 meter hinder
  • 2015 – EM i terrengløp 2015 – bronsemedalje
  • 2016 – EM i terrengløp – bronsemedalje
  • 2016 – EM i friidrett – bronse på 10.000 meter
  • 2018 – EM i terrengløp 2018 – bronsemedalje
  • 2021 – EM i terrengløp 2021 – gullmedalje
  • 2022 – EM i terrengløp 2021 – gullmedalje


Under Bislett Games 16. juni 2022 sette Grøvdal norsk rekord på 5000 meter med 14.31,07 og sletta med det Ingrid Kristiansens rekord fra 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]