Julelåt
Julelåt eller julesingel er eit musikkstykke laga spesielt til jul. Omgrepet er særleg knytt til ulike sjangrar av populærmusikk, og kan visa til nyskrivne stykke eller innspelingar av eldre songar med juletilknytting. Som regel blir julelåtar gjevne ut ganske tett opptil jula.
Det er vanleg å spela julelåtar på radio, i handels-, festleg og privat samanheng ved juletider. Julemusikk kan gje artistar og låtskrivarar gode sal og speleinntekter, i nokre høve i år etter år. I fleire land er det rekna som svært gjævt å nå førsteplassen på hitlista til jul (ofte kjend som «Christmas number one»). I nokre høver blir julelåtar laga og selde eller framførte til inntekt for veldedige føremål. Julelåtar kan også samlast på juleplater, gjevne ut av éi musikkgruppe eller som samleplate.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Julelåtar kan vera tradisjonelle julesongar eller laga for å likna på desse, men kan også ha eit vidare innhald. Medan mange tek for seg hendingar knytt til juleevangeliet eller ei vanleg julefeiring, kan ein del julelåtar vera mindre «koselege», som i «Do They Know It's Christmas?», dei kan vera morosame eller ha ein ironisk distanse til jula, som «Julekveld i skogen» eller «Fairytale of New York», eller ha ein politisk bodskap, som «Happy Xmas (War Is Over)».
Julelåtar i Australia
[endre | endre wikiteksten]Jul i Australia inneheld element både frå julefeiring frå den nordlege halvkula, og meir lokale delar knytt til lokal årstid og kultur. Julelåtar med australsk innhald er mellom anna «The Three Drovers» av John Wheeler, «Six White Boomers» av Rolf Harris, «Aussie Jingle Bells» av Colin Buchanan og fleire australske versjonar av «Twelve Days of Christmas» der dei europeiske gåvene er bytta ut med australske dyr, personar og hendingar.
Julelåtar i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg kan julelåtar omfatta tradisjonelle julesongar og meir kompliserte eller skjemtande songar med julemotiv. Nokre kjende julelåtar er henta frå syngespel eller filmar, som «Sonjas sang til julestjernen» frå Reisen til Julestjernen eller «Hei hå, nå er det jul igjen» frå Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg.
Det er vanleg å framføra eller spela ein del utanlandske julesongar, på originalspråk eller i omsetjing, som svenske «Nu är det jul igen» og «O helga natt» eller engelske «Bjelleklang» og «White Christmas». Samtidig blir det stadig laga nye norske julelåtar.[1]
Julelåtar i Storbritannia
[endre | endre wikiteksten]Den britiske musikkindustrien har laga offisielle oversyn over mestseljande låtar kvar veke sidan 1950-talet. Førsteplassen i veka som inneheld juledag har særskild store salstal og er gjev å vinna. Mange år har denne plassen blitt teken av den mestseljande singelen det året, men reine julelåtar, morosame eller veldedige låtar kan også oppnå topplassering.
Mestseljande julesinglar med juletema er mellom anna «Christmas Alphabet» med Dickie Valentine i 1955 og «Mary's Boy Child» med Harry Belafonte i 1957. Den første julesingelen gjeven ut særskild for å tevla om førsteplassen var Slade sin «Merry Xmas Everybody» i 1973. Seinare har «Do They Know It's Christmas?» nådd førsteplassen som veldedig singel ved to ulike høve, framført av ulike supergrupper.
Tydinga av ein storseljande julelåt går fram i romanen About a Boy (1998) av Nick Hornby, der hovudpersonen lever av inntektene frå éin populær julelåt faren hans skreiv, og julefilmen Love Actually (2003), der eitt av plotta dreier seg om ei aldrande rockestjerne sitt forsøk på å nå førsteplassen.
Mykje spelte julelåtar i Storbritannia er elles «All I Want for Christmas Is You» med Mariah Carey, «Last Christmas» med Wham!, «White Christmas» med Louis Armstrong og Bing Crosby, «Driving Home for Christmas» med Chris Rea, «Merry Christmas Everyone» med Shakin' Stevens, «Mistletoe and Wine» med Cliff Richard og «Walking in the Air» med Peter Auty.[2]
Julelåtar i USA
[endre | endre wikiteksten]Dei mest spelte julelåtane i USA blir samla og gjevne ut årleg av American Society of Composers and Publishers (ASCAP). Songane er ofte sekulære i tonen, med meir vekt på vinter, julefeiring og liknande. Svært mange av dei mest populære låtane er skrivne av jødar, som ikkje har tradisjon for å feira jul.[3] Lista under oppgjev dei 25 mest spelte julelåtane i dei første 5 åra etter 2000:[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kjører ned julenissen i heftig julelåt», adressa.no (13 desember 2013); Marie Komissar, «God jul fra Sirkus Eliassen og mP3» nrk.no (11 desember 2012); «Röyksopp gir ut julelåt», Nordnytt (09.12.2010), nrk.no.
- ↑ Survey Reveals White Christmas As Most Memorable Christmas Song: But Mariah Carey’s Hit Most Played», December 14, 2010 press release. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ Nate Bloom, «The Jews Who Wrote Christmas Songs», InterfaithFamily.com (desember 2006-2012).
- ↑ «ASCAP Announces Top 25 Holiday Songs – "The Christmas Song (Chestnuts Roasting...)" Tops List». Ascap.com. Henta December 18, 2011.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- Einar Engelstad, «Herlig blanding av skjemt og alvor»[daud lenkje], bt.no (13.des. 2013)
- Axel Stentun, «Ingen jul uten The Killers», Lydverket, nrk.no (2 desember 2011)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Christmas music» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2013.