Israel av Siouxsie and the Banshees
Israel Singel av Siouxsie and the Banshees | ||
B-side |
«Red Over White» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. november 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Post-punk | |
Lengd | 4:54 | |
Selskap | Polydor | |
Komponist | Siouxsie Sioux, Budgie, John McGeoch, Steven Severin | |
Tekstforfattar | Siouxsie Sioux, Budgie, John McGeoch, Steven Severin | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Nigel Gray, Siouxsie and the Banshees | |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
«Christine» (1980) |
Israel | «Spellbound» (1981)
|
«Israel» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, opphavleg berre gjeven ut på singel i 1980 på Polydor Records. Songen var skriven av Siouxsie and the Banshees med Nigel Gray som medprodusent. Han vart selt inn med eit 30 mann stort walisisk kor.[1] Medan dei var på turné i Europa hausten 1980, ønskte bandet å skrive ein julesong for desember det året. Dei skreiv han på vegen, som var ganske uvanleg for dei.[2]
Songen vart ein favoritt hos fleire artistar, som Air-medlemmet Jean-Benoît Dunckel, som valde songen som ein av dei ti favorittsongane sine,[3] og bandet Ride, som spelte songen over høgtalaranlegget før konsertane deira,[4] og produsenten Howie B. (ofte samarbeidspartnar med Björk og Tricky i 1990-åra) hadde med songen på ei liste då han synte musikk han lytta til då han voks opp i Glasgow.[5]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]«Israel» kom ut som ein enkelt singel mellom albuma Kaleidoscope (1980) og Juju (1981) den 28. november 1980 på Polydor. Singelen nådde 41. plassen på UK Singles Chart.[6] Det var den første singelen deira som òg kom ut på 12"-vinyl sjølv om songane på begge sider av 12"-utgåva var like lange som på 7"-utgåva.
Songen nådde 73. plassen på den amerikanske National Disco Action Top 100-lista som ei importplate,[7] men «Israel» kom ikkje ut på noko Siouxsie and the Banshees-album før Once Upon a Time: The Singles året etter.
Songen vart ommastra i 2002 for samleplata The Best of Siouxsie and the Banshees og kom sidan ut som bonusspor på 2006-utgåva av Kaleidoscope.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]«Israel» vart spelt av gotisk rock-bandet Mephisto Walz i 1996 og gjeven ut på albumet Strawberry Girl - A Tribute To Siouxsie And The Banshees 1997.
«Israel» vart sidan spelt inn av Nouvelle Vague i 2006 på albumet deira Bande à Part.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Siouxsie Sioux, Steven Severin, John McGeoch og Peter Clarke..
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Israel» | 4:54 |
2. | «Red Over White» | 4:31 |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1980) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company)[6] | 41 |
Liste (1981) | Plassering |
---|---|
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[7] | 73 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Israel (Siouxsie and the Banshees song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Houston, Billy (1980), The File, Phase One, The File [official fanzine]
- ↑ Paytress, Mark (2003). Siouxsie & the Banshees: The Authorised Biography. Sanctuary. ISBN 1-86074-375-7.
- ↑ «JDB Ma Compile La Sélection DE Darkel (Jean-Benoît DunckeL de AIR) [His all-time favourite playlist]». Les Inrockuptibles. September 2006. Arkivert frå originalen 29. august 2018. Henta 25. august 2018.
- ↑ «Ride - Venue Music - May 2015 UK Tour». Soundcloud.com. Henta 6. mai 2014.
- ↑ «Clash DJ Mix - Howie B«I hope you enjoy the trip...»». Clashmusic. 4. oktober 2014. Arkivert frå originalen 21. januar 2019. Henta 22. januar 2018.
- ↑ 6,0 6,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 12. juli 2018.
- ↑ 7,0 7,1 "the Banshees?f=359&g=Singles Siouxsie the Banshees Album & Song Chart History" Billboard Hot Dance/Club Play for Siouxsie the Banshees. Prometheus Global Media. Henta 12. juli 2018.