Hopp til innhald

Sjøbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Havbruk)
Trålar.

Sjøbruk, eller havbruk, er eit omgrep som femnar om primærnæringane fiske, sanking og oppdrett av fisk og skaldyr.

Fiske er den viktigaste aktiviten innan sjøbruk. Det har vore drive fiske i uminnelege tider både i havet og i elver og innsjøar og fisk har til alle tider vore ei viktig proteinkjelder.

Fiskeoppdrett

[endre | endre wikiteksten]

I mange land har det vorte drive fiskeoppdrett i små vatn og oppdemde dammar i lang tid. Fiskeoppdrett i sjøvatn, derimot, er ei etter måten ny næring, som har fått mykje å seia som økonomisk grunnlag i land som Noreg og Skottland. For mange kystnasjonar er fiske ei viktig næringsgrein.

Oppdrett av skaldyr

[endre | endre wikiteksten]

I fleire land er oppdrett av skaldyr ein viktig næringsveg. På den franske atlanterhavskysten, til dømes, vert det drive storstilt oppdrett av østers og andre skaldyr.

Hausting av tang og tare

[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider vart tang og tare nytta som gjødselgardsbruk som låg ved kysten.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.