Haakon Magnus av Noreg
Kronprins Haakon Magnus av Noreg | |||
Kronprins Haakon Magnus av Noreg (og Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg i 2009) | |||
Fødd | 20. juli 1973 (51 år) Rikshospitalet | ||
---|---|---|---|
Tittel | Kronprins av Noreg | ||
Føregangar | Harald V | ||
Alle titlar | Kronprins av Noreg | ||
Fullt namn | Haakon Magnus | ||
Hus eller slekt | Fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg | ||
Land | Noreg | ||
Mor | Sonja | ||
Far | Harald V | ||
Ektefelle | Mette-Marit Tjessem Høiby | ||
Barn | Ingrid Alexandra av Noreg, Sverre Magnus av Noreg |
Kronprins Haakon Magnus av Noreg (fødd 20. juli 1973) er tronarvingen i Noreg.
Kronprins Haakon Magnus er son av kong Harald V og dronning Sonja av Noreg. Han vart døypt i Slottskapellet den 20. september 1973, og dei tre monarkane i Skandinavia var mellom fadrane. Monarkane var Kong Olav V av Noreg, Kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Margrethe II av Danmark.
Etter omframt (ekstraordinært) statsråd den 23. juli 1973 kom statsminister Lars Korvald med ei uttale til presse og publikum som hadde samla seg på Slottsplassen:
- «Kongen har bestemt at prinsen skal hete Haakon Magnus. Det første navnet, Haakon, skal brukes til daglig.»
Prins Haakon vart kronprins av Noreg den 17. januar 1991 då faren vart konge. Han gifta seg med Mette-Marit Tjessem Høiby den 25. august 2001, som då vart kronprinsesse Mette-Marit av Noreg. Han er soneson til kong Olav V og oldebarn av kong Haakon VII. Han har ei syster, prinsesse Märtha Louise.
Han er innehavar av ei lang rekkje prisar, m.a. storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.
Regent
[endre | endre wikiteksten]Kronprins Haakon var regent medan Kongen var sjuk 25. november 2003–13. april 2004, og heldt mellom anna nyttårstala på fjernsyn det året.
Born
[endre | endre wikiteksten]- Haakon er stefar til Marius Borg Høiby (f. 13. januar 1997), sonen til Mette-Marit og Morten Borg
- H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg (f. 21. januar 2004)
- Prins Sverre Magnus av Noreg (f. 3. desember 2005)
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Haakon av Noreg
-
Kronprins Haakons monogram
-
Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marits fellesmonogram
-
Prinsesse Ingrid Alexandra, Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit, Dronning Sonja og Kong Harald V på slottsballkongen, 17. mai 2007
-
Prinsesse Astrid, Dronning Sonja, Svetlana Medvedev, Dmitrij Medvedev, Kong Harald V, Kronprinsesse Mette-Marit og Kronprins Haakon, 26. april 2010
-
Kronprinsesse Mette-Marit og Kronprins Haakon i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
-
Kronprinsesse Mette-Marit og Kronprins Haakon ankom Konserthuset i Stockholm i Sverige, dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010