Gail
Utsjånad
(Omdirigert frå Gailtaleralpane)
Gail | |||
elv | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 403 km² | ||
Renn gjennom | Villach | ||
Lengd | 122,2 km | ||
Middelvassføring | 45,08 m³/s | ||
Kjelde | Tirol i Austerrike | ||
Munning | I Drava ved Villach | ||
Gail 46°36′23″N 13°53′15″E / 46.6065°N 13.8874°E | |||
Wikimedia Commons: Gail |
Gail er ei elv i sørlege delar av Austerrike. Ho renn frå vest mot aust gjennom Tirol og Kärnten, nord for grensene til Italia og Slovenia, og er ei av sideelevene til Drava. Elva har ei lengd på 122 km, og renn ut i Drava nær Villach.
Elva har ei middelvassføring på 45,08 m³/s, men når snøsmeltinga på våren er størst eller i samaband med store nedbørsmengder kan vassføringa auke til over 400 m³/s. Rekordvassføringa er frå november 1966 med 850 m³/s.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gail» frå Wikipedia på tysk, den 15. februar 2007.