Datolitt
Utsjånad
Datolitt | |||
Datolitt på sinkblende frå San Luis Potosí i Mexico (storleik: 6.2 x 5.3 x 2.8 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | CaBSiO4(OH) | ||
Strunz-klassifisering | 09.AJ.20 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk H-M-symbol: (2/m) Romgruppe: P 21/c | ||
Einingscelle | a = 9.62 Å, b = 7.6 Å, c = 4.84 Å; β = 90.15°; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Fargelaus eller kvit; kan vere gråaktig, gul, grøn, raud, rosa | ||
Krystallform | Krystall prismatisk, kort til tavleforma; botryoidal eller kuleforma med skiveforma struktur; korna til kompakt; kryptokrystallinsk | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | Ingen | ||
Brot | Muslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5 til 5.5 | ||
Glans | glasaktig, sjeldan underharpiksaktig på brotflater | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg, sjeldan ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.96 – 3.00 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.626 nβ = 1.653 - 1.654 nγ = 1.670 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.044 | ||
2V-vinkel | Målt: 74° | ||
Dispersjon (spreiing) | r > v; svak | ||
Ultrafiolett fluorescens | Fluorescerer blått under kortbølgja UV | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Datolitt er eit fargelaust til svakt farga mineral som mellom anna opptrer i holrom i basalt saman med zeolittar og på hydrotermalgangar (til dømes Kongsberg). Først skildra av J. Esmark i 1806, frå ein skarnførekomst ved Arendal. Kjemisk er datolitt eit hydroksylhaldig kalsiumborosilikat, CaBSiO4(OH), som krystalliserer monoklint. Einskilde varietetar har ein korna karakter, som har gjeve opphav til namnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Datolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/datolitt.