Concerto in «B Goode»
Concerto in B Goode Studioalbum av Chuck Berry | ||
Språk | engelsk | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 34:33 | |
Selskap | Mercury | |
Produsent | Chuck Berry | |
Chuck Berry-kronologi | ||
---|---|---|
From St. Louie to Frisco (1968 |
Concerto in B Goode | Back Home (1970
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Rolling Stone | (positiv)[1] |
Concerto in B Goode er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1969 av Mercury Records. Tittelsporet er ein lang instrumental som interpolerer mange tema som Chuck Berry spelte i den klassiske perioden frå 1957 til 1962 og tar opp heile B-sida av albumet med ei lengd på kring 18 minuttar. Tittelen referer til den delvis sjølvbiografiske songen «Johnny B. Goode».
Albumet fekk særs god kritikk i Rolling Stone då albumet kom ut i 1969, og det vart skrive at Berry var tilbake i storform: «Meisteren er attende igjen og denne gongen har han kome opp med eit album som verdt ryktet hans.»[2]
Dette var det siste albumet Berry gav ut på Mercury. Året etter var han attende hos Chess Records, der han hadde vore mykje av karrieren sin.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Chuck Berry.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Good Looking Woman» | 2:16 |
2. | «My Woman» | 4:50 |
3. | «It's Too Dark in There» | 3:50 |
4. | «Put Her Down» | 4:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Concerto in B Goode» | 18:40 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Chuck Berry – gitar, vokal
- Kermit Eugene Cooley – bassgitar
- Dale Gischer – trommer
- Billy Peek – gitar, munnspel, klaverinstrument, tamburin
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Concerto in "B Goode"» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bangs, Lester (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco) (39): 37. Henta 7. juli 2017.
- ↑ Platemelding i Rolling Stone - 1969
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Concerto in «B Goode» på Discogs (liste over utgjevingar)