Klara
Utsjånad
(Omdirigert frå Clara)
Klara er eit kvinnenamn som kjem frå latin clarus som tyder strålande, lysande eller òg vidgjeten. Namnet har same opphav som ordet klar eller klår, som kom via lågtysk vart teke opp i norrønt som ordet klárr.
Namnet har vore bruka i Skandinavia sidan 1400-talet. Det fekk eit stort oppsving på slutten av 1800- talet, men bruken av namnet har gått mykje attende dei siste tiåra.
Klara har namnedag 12. august i Noreg og Sverige.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1801 vart 150 personar manntalsførte med namnet Clara (eller Klara).
I teljinga frå 1900 var det 6 700 personar som het Klara (Clara).
I 2007 er det om lag 3 400 som har Klara (eller Clara) til første fornamn – meir enn 90 % skriv namnet med K.
Personar med namnet Klara/Clara
[endre | endre wikiteksten]- Den heilage Klara av Assisi
- Klara Semb, norsk kulturforskar
Fiktive personar
[endre | endre wikiteksten]Klara Klok, rådgjevar med fast vekebladspalte
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Klara hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991)