Carterton på New Zealand
Carterton | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region |
New Zealand Wellington |
Grunnlagd | 1857 |
Mayor | Gary McPhee |
Geografi | |
Flatevidd - District |
1180 km² |
Innbyggjarar - District (2006) - Byområde |
7098 4122 |
Koordinatar | 41°02′S 175°32′E / 41.033°S 175.533°E |
Høgd over havet | 77 m |
Diverse anna | |
Postnummer | 5713, 5743, 5791, 5792 |
Telefon-retningsnummer | 06 |
Heimeside: www.cartertondc.govt.nz |
Carterton er ein liten by i regionen Wellington på New Zealand og er sete for Carterton District. Han ligg i eit landbruksområde i Wairarapa sør på Nordøya på New Zealand. Byen ligg 14 km sørvest for Masterton og 80 km nordaust for Wellington. Innbyggjartalet var ved folketeljinga i 2006 var 4 122, i tillegg budde 2 976 menneske i det omkringliggjande rurale området.
Carterton vart grunnlagd i 1857. Staden var frå først av kjend som Three Mile Bush, og gav husly til arbeidarar som bygde vegen mellom Wellington og Masterton. Seinare fekk byen namn etter Charles Rooking Carter. Byen omtalar seg sjølv som påskeliljehovudstaden på New Zealand, og arrangerer ein årleg påskeliljefestival den andre sundagen i september.
Kjennemerke
[endre | endre wikiteksten]Den historiske Carterton Railway Station ligg vest for bysentrum. Stasjonsbygningen er original, og vart bygd då jarnvegen opna i 1880, og har utført tenester for reisande heile tida sidan.
Biblioteket Carterton District library, er det eldste biblioteket som vart bygd til dette føremålet på New Zealand, og som enno er i bruk som bibliotek i dag.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Vegar
[endre | endre wikiteksten]New Zealand State Highway 2, hovudvegen mellom Wellington og Masterton, går gjennom Carterton.
Carterton har bussruter som bind byen saman med Masterton, Greytown, Featherston og Martinborough.
Jarnveg
[endre | endre wikiteksten]Carterton ligg ved Wairarapa Line som bind byen saman med Wellington.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- A. W. Reed (2002). The Reed Dictionary of New Zealand Place Names. Auckland: Reed Books. ISBN 0-7900-0761-4.
- Denne artikkelen bygger på «Carterton på New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2009.