Punch
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Punch (fleirtyding).
Punch, or the London Charivari, eller berre Punch, var eit britisk illustrert vekeblad som inneheldt humor og satire. Det blei grunnlagd i 1841 og gjeve ut heilt til 1992. Det blei så gjeve ut att frå 1996, men avslutta heilt i 2002.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Punch blei grunnlagt i 1841 av Henry Mayhew, Mark Lemon og litografen Ebenezer Landells. Bladet hadde det franske satiriske tidsskriftet Le Charivari som førebilde.[1] Som tittelfigur og maskot hadde det den ville handdokka Mr. Punch. Økonomiske vanskar førte til at det blei selt til forleggjaren Bradbury and Evans i desember 1842.
Vekebladet hadde størst opplag i 1840-åra, men spelte ei betydeleg rolle i britisk kulturliv i fleire år. Etter ei årrekkje med dalande interesse blei det lagt ned i 1992.
I 1996 gjorde finansmannen Mohamad al-Fayed eit forsøk på å vekka bladet til live att, men omlegginga til eit moderne storbymagasin i stil med The New Yorker var mislukka, og det gjekk inn på nytt i 2002.
Bidragsytarar
[endre | endre wikiteksten]Fleire framståande teiknarar og forfattarar frå Storbritannia var knytte til Punch. Lista under viser eit utval av forfattarar og illustratørar som har bidrege med tekstar og teikningar.
- John Betjeman
- A.P. Herbert
- A.A. Milne
- Anthony Powell
- W.C. Sellar
- R.J. Yeatman
- William Makepeace Thackeray
- Artemus Ward
- P.G. Wodehouse
- John Tenniel
- Gilbert Abbott A'Beckett
- Arthur William A'Beckett
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Appelbaum & Kelly 1981, s. 14.
- Denne artikkelen bygger på «Punch (magazine)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Appelbaum, Stanley; Kelly, Richard Michael (1981). Great Drawings and Illustrations from Punch, 1841–1901: 192 Works by Leech, Keene, Du Maurier, May and 21 Others. Courier Dover Publications. ISBN 978-0-486-24110-4.