Hopp til innhald

Musikkgruppa CPR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bandet CPR)
CPR
OpphavLos Angeles
Aktiv1996–2004
SjangerJazz-rock
Tilknytte artistarThe Byrds, Crosby, Stills, Nash & Young

CPR (òg kalla Crosby, Pevar & Raymond) var eit jazzrockband som bestod av David Crosby (frå The Byrds og Crosby, Stills, Nash & Young), studiogitaristen Jeff Pevar, og sonen til Crosby, klaverspelaren James Raymond.

Den første songen Crosby og Raymond skreiv i lag, «Morrison», vart framført på konsert første gongen i januar 1997. Songen omhandla dei ambivalente kjenslene Crosby hadde om korleis Jim Morrison vart framstilt i Oliver Stone-filmen The Doors (1991). Turneen deira i 1997 vart ein suksess og førte til studioalbumet CPR, som kom ut i mars 1998.

Det neste albumet deira, Just Like Gravity,, kom i 2001, og fleire suksessrike turnear følgde før gruppa vart oppløyst i 2004. Raymond har halde fram å spele med faren og med både Crosby & Nash og Crosby, Stills & Nash. Både Pevar og Raymond har spelt med Crosby i seinare år.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]