Hopp til innhald

Sedimentasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Avleiring)
Sedimentasjon i ei elv

Sedimentasjon eller avleiring er ein viktig prosess i danning av sediment og sedimentære bergartar. Sedimentasjonen skjer når partiklar som flyt i ei væske kjem til ro mot ei hindring.

Partiklane kan variere i storleik frå store steinar i rennande vatn til støv- og pollenpartiklar, og sjølv enkle molekyl som protein og peptid.