Annobón
Utsjånad
(Omdirigert frå Annobon)
Annobón | |||
øy | |||
Land | Ekvatorial-Guinea | ||
---|---|---|---|
Del av | verneområde i Ekvatorial-Guinea | ||
Areal | 17 km² | ||
Folketal | 5 232 (2015)[1] | ||
Annobón 1°26′07″S 5°37′51″E / 1.435278°S 5.630833°E | |||
Wikimedia Commons: Annobón |
Annobón (av og til stava Annabon eller Anabon, òg Pagalu eller Pigalu), er ei 17 km² stor øy i Guineabukta. Ho tilhøyrer Ekvatorial-Guinea som ein eigen provins.[2]
Annobón er ei skogkledd vulkanøy[2] med basalt- og trachyttklipper. Portugisarar oppdaga øya på nyårsdagen 1471, og gav henne namnet Anno bom, portugisisk for ‘Godt år’. I 1778 blei øya overført til Spania. Etter at Spansk Guinea blei sjølvstendig i 1968 er øya ein del av Ekvatorial-Guinea.[3][2]
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Annobonbrillefugl og annobonparadismonark er endemiske fugleartar på øya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Annobón» frå Wikipedia på svensk, den 10. mars 2024.