Rundstykke
Rundstykke er ein type gjærbakst som kan ha mange former og variantar. Dei kan vera grove, fine, med frø, med heilkorn, med grønsaker og med krydder. Grunnoppskrifta baserer seg på kveitemjøl, gjær, vatn, matolje og salt, og sidan blir deigen tileatt eventuelle andre ingrediensar for å endre eigenskapane til produktet. Etter at deigen er knadd og har heva, blir rundstykka forma, sett til ein ny runde heving, og så steikt. Forminga består tradisjonelt sett i at ein triller ut små runde deigklumper, der storleiken er avhengig av kor stort ein ønsker at resultatet skal bli, men typsik ca. 5-10 cm i diameter. Nokre andre former for rundstykke er horn, tebriks, trekant, ciabatta, brytebrød og flette.
Rundstykke blir også brukt til mange formål, men blir hovudsakleg brukt som ei form for brød. Før i tida blei dei gjerne brukt til finare tilstellingar der ein ønska å gjera stas på gjestane sine. I nyare tid er rundstykke blitt vanlegare til kvardags, og ofte har eksotiske brødtypar overtatt rundstykkerolla i selskapsamanheng.
Rundstykker blir ofte servert ferdig påsmurt som snittar, og som tilbehøyr til ulike rettar. Døme på dette er frukostbord, koldtbord, supper, forrettar, salatar, gryterettar, pastarettar og omnsrettar.
Ved mange taffel bruker ein rundstykke som kuvertbrød med smør som tilbehøyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rundstykke» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2023.