Reidar Carlsen
Reidar Carlsen | |||
| |||
Fødd | 1. juli 1908 Bodin kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mai 1987 (78 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Reidar Carlsen (1. juli 1908–2. mai 1987), fødd i Beiarn, var ein norsk forstmann og politikar frå Arbeiderpartiet.
Reidar Carlsen vart vald inn på Stortinget i 1945, og var stortingsrepresentant fram til 1961.
Han var konsultativ statsråd for fiskerisaker 5. november 1945 - 1. juli 1946, og deretter den første som var statsråd og sjef for det nyoppretta Fiskeridepartementet (fiskeriminister) frå 1. juli 1946 - 19. november 1951, i Einar Gerhardsen si andre regjering.
Reidar Carlsen var jord- og skogsarbeidar, fiskeriarbeidar, forretningsførar, journalist og kontorist i åra 1923-1937. I 1928-1929 studerte han ved Statens Skogskole Steinkjer.
Han flytta til Bodø og engasjerte seg i 1930-åra i politikk, og fekk styreverv i Nordland AUF, i Bodø Arbeidarparti, var formann i Søre Salten krinsparti av DNA, og vart vald inn i Bodin kommunestyre i 1937).
Han blei heradskogmeister for Bodin, Kjerringøy, Sørfold og Leiranger 1937-1939. 1939-1953 var han sekretær i Nordland fylkes fiskarlag. Han var direktør i Utbyggingsfondet for Nord-Norge frå 1952, og direktør og sjef i Distriktenes Utbyggingsfond 1961-1978.
Reidar Carlsen var sterkt oppteken av Nord-Noreg og Nordkalotten, og var sentral i Stortingsmelding nr. 82, Utbyggingsplan for Nord-Norge (1951). I 1972 var Carlsen formann for organisasjonen Ja til EF.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Petter Dass-medaljen (1955)
- St. Olavs orden (1968)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1908
- Døde i 1987
- Norske fiskeriministrar
- Ap-statsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Nordland
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- St. Olavs Orden
- Norske forstfolk
- Folk frå Beiarn