Norah Jones
Norah Jones | |||
| |||
Fødd | 30. mars 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn | ||
Fødenamn | Geethali Norah Jones Shankar | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 2001– | ||
Sjanger | jazz, Smooth jazz, country, blues, soul | ||
Instrument | piano, gitar, vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | Blue Note | ||
Verka som | skodespelar, pianist, songar-låtskrivar, jazzmusikar, songar, jazzgitarist, filmskodespelar, plateartist | ||
Far | Ravi Shankar | ||
Prisar | Grammy Award for beste nye artist, Amadeus Austrian Music Award, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for årets innspilling |
Norah Jones (fødd 30. mars 1979) er ein amerikansk pianist og songar. Karrieren hennar byrja i 2002, då debutalbumet Come Away with Me blei selt i 20 millionar eksemplar og vann henne åtte Grammy-prisar. Med dette blei ho den kvinnelege artisten som hadde seld flest album på verdsbasis sidan 2000.
Norah Jones blei fødd som Geetali Norah Jones Shankar i Manhattan i New York som dotter av konsertprodusenten Sue Jones og den indiske sitarspelaren Ravi Shankar.[1][2] Foreldra skilde lag i 1986, og Jones voks opp med mora mora, som flytta til Texas då dottera var fire. Norah Jones voks opp i Grapevine i Texas. Ho endra offisielt namn til Norah Jones då ho var seksten.[1][3] Ho er halvsystera til Anoushka Shankar og Shubhendra Shankar.
Ho byrja å synga i kor i kyrkja, ta pianotimer og prøvde ein kort periode også å læra seg spela saksofon. Musikken hennar er ei blanding av jazz, soul, country og folk.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 2001 – First Sessions (EP)
- 2002 – Come Away with Me
- 2003 – New York City (med The Peter Malik Group)
- 2004 – Feels Like Home
- 2007 – Not Too Late
- 2009 – The Fall
- 2012 – Little Broken Hearts
- 2016 – Day Breaks
- 2020 – Pick Me Up Off the Floor
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Grammy-prisar:
- 2003 Beste popvokal på album – «Come Away with Me»
- 2003 Årets album – «Come Away with Me»
- 2003 Beste produksjonsalbum, ikkje-klassisk – «Come Away with Me»
- 2003 Årets innspeling – «Don't Know Why»
- 2003 Beste kvinnelege popvokal-opptreden – «Don't Know Why»
- 2003 Årets song – «Don't Know Why»
- 2003 Beste nykommar
- 2005 Beste popsamarbeid med vokalar – «Here We Go Again» (med Ray Charles)
- 2005 Beste kvinnelege popvokal-opptreden – «Sunrise»
- 2005 Årets innspeling – «Here We Go Again» (med Ray Charles)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Dilworth, Thomas J. (6. juli 2007). «What's Next for Norah Jones?». ABC News. Arkivert frå originalen June 28, 2011. Henta November 19, 2009. «Hailing from Brooklyn, N.Y., is Norah Geethali Shankar, born on March 30, 1979. Shankar officially changed her name to Norah Jones when she was 16, and has been using it ever since.»
- ↑ Choudhury, Uttara. «Norah Jones says her dad Ravi Shankar will be 'greatly missed' - Firstpost». www.firstpost.com. Henta July 31, 2018.
- ↑ «Hard to say no to free love: Ravi Shankar». Press Trust of India. Rediff.com. 29. april 2003. Henta 20. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Norah Jones» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2021.