Nikolai Lima
Nikolai Lima | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1845 Gjesdal kommune |
Død |
1. februar 1922 (76 år) |
Yrke | politikar, lensmann, lærar, bonde |
Politisk parti | Moderate Venstre, Frisindede Venstre |
Nikolai Larsson Lima (6. mars 1845–2. februar 1922) var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå Gjesdal. Han representerte Moderate Venstre på Stortinget 1890-97 og likeeins Frisinna Venstre valperioden 1910-12.
Lima var son til ein gardbrukar. Etter å ha vorte seminarist frå Holt seminar i 1867, arbeidde han på kontor i Stavanger. Frå 1870 til -76 var han lærar i byen. I tida 1876-88 var han gardbrukar på Oftedal i Gjesdal og andrelærar ved amtsskulen for Jæren og Dalane. I 1885 busette han seg på garden Njå i Time og dreiv denne, jamsides lærargjerninga. Ordførar i Time i 1888. Frå 1888 var Lima lensmann, fyrst i Skudenes, sidan i Hå frå 1892, og i Høyland frå 1897. Han var magistrat i Sandnes frå 1898.
Lima møtte på Stortinget i 1890 og 1891 i staden for Olaus Eskeland, som til liks med alle representantane frå amtskrinsen Stavanger sokna til Moderate Venstre. Han var då medlem i Jarnbanekomiteen. Periodane 1892-94 og 1895-97 var han fast representant på Tinget, begge periodane medlem i Vegkomiteen. Mange år seinare, 1910-12, var han stortingsmann att, då frå einmannskrinsen Jæren og for Frisinna Venstre, eit parti tufta på ruinane av Moderate Venstre, på ny medlem i Vegkomiteen.
Lima var med i Den parlamentariske tariffkommisjonen av 1896, ein departemental veglovskomite og 1906-08 i Komiteen om gjennomføring av lausgjengerlova.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914