Marcel Dupré
Marcel Dupré | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1886 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rouen | ||
Død | 30. mai 1971 (85 år) | ||
Dødsstad | Meudon | ||
Fødenamn | Marcel Jean Jules Dupré | ||
Opphav | Frankrike | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Instrument | orgel | ||
Plateselskap | Mercury Records, Naxos, Philips Records | ||
Verka som | komponist, organist, pedagog | ||
Prisar | Prix de Rome, kommandør av Æreslegionen, offiser av Leopoldsordenen, kommandør av Sankt Gregor den stores orden, Ridder av Æreslegionen, offiser av Æreslegionen |
Marcel Dupré (3. mai 1886–30. mai 1971) var ein fransk organist og komponist.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dupré vart fødd i Rouen. Faren Albert Dupré var organist, og sonen viste tidleg store musikalske evner. I 1904 byrja Dupré på Paris-konservatoriet, der han lærte hjå Alexandre Guilmant, Louis Vierne og Charles-Marie Widor. Dupré vann Roma-prisen (Grand Prix de Rome) i 1914 for kantata Psyché. I 1926 vart han professor i orgelspel ved Paris-konservatoriet, og i 1934 tok han over jobben som hovudorganist i St. Sulpice etter Widor.
Dupré var den fyrste til å spela alle Johann Sebastian Bach sine orgelverk for ålmenta. Han var vidkjend som improvisator, og hadde stor lukke med turnéar i Europa og USA. Av Dupré sine elevar kan nemnast Jehan Alain, Virgil Fox, Jean Langlais, Olivier Messiaen, Michael Murray og Michael Schneider.