Klaus Fuchs
Klaus Fuchs | |||
Bilete frå ID-kortet til Fuchs ved Los Alamos | |||
Fødd | Emil Julius Klaus Fuchs 29. desember 1911 Rüsselsheim | ||
---|---|---|---|
Død | 28. januar 1988 (76 år) Dresden i Aust-Tyskland | ||
Bustad | Tyskland Storbritannia USA Aust-Tyskland | ||
Nasjonalitet | Tysk Britisk | ||
Yrke | kjernefysiker, atomic spy, politikar, teoretisk fysikar, universitetslærar, fysikar | ||
Institusjonar | Los Alamos National Laboratory Atomic Energy Research Establishment Helmholtz-Zentrum Dresden-Rossendorf University of Birmingham University of Edinburgh | ||
Alma mater | Universitetet i Leipzig Christian-Albrechts-Universität zu Kiel Friedrich-Wilhelms-Universität zu Berlin University of Bristol | ||
Doktorgradsrettleiar | Nevill Francis Mott | ||
Ektefelle | Grete Keilson | ||
Medlem | Akademie der Wissenschaften der DDR Reichsbanner Schwarz-Rot-Gold Zentralkomitee der Sozialistischen Einheitspartei Deutschland Research Council of the GDR |
Klaus Emil Julius Fuchs (29. desember 1911–28. januar 1988) var ein tysk-fødd britisk fysikar og atom-spion som i 1950 vart dømd for å levere informasjon frå den britiske og amerikanske atombombeforskinga til Sovjetunionen under og like etter andre verdskrigen. Fuchs var ein ekstremt kompetent forskar. Ved Los Alamos National Laboratory var Fuchs ansvarleg for mange viktige teoretiske utrekningar knytte til det første fisjonsvåpenet, og seinare òg for dei tidlege modellane av hydrogenbomba, det første fusjonsvåpenet.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Fuchs gjekk både på universitetet i Leipzig og universitetet i Kiel, og medan han gjekk i Kiel vart han aktiv innan politikken. Som ung vart Fuchs medlem av det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, og i 1932, kommunistpartiet i Tyskland. I 1933, etter eit valdsamt møte med dei nyleg innsette nazistane, flykta han til Frankrike og fekk då høvet til å bruke familiære samband til å flykte til Bristol i England. Han tok doktorgraden sin i fysikk ved University of Bristol i 1937, studerte under Nevill Mott, og tok ein DSc ved University of Edinburgh medan han studerte under Max Born. Oppgåva hans om kvantemekanikk, publisert i Proceedings of the Royal Society i 1936, bidrog til at han fekk ei pedagogisk stilling ved universitetet i Edinburgh året etter. I 1940 vart han internert, men vart snart frigjeven.
I 1946 vart han leiar for den teoretiske avdelinga ved Harwell Atomic Establishment i England, ei stilling han hadde til han i 1950 vart arrestert, skulda for å ha overlate hemmelege opplysningar om kjernefysisk forsking til Sovjetunionen. Han vart dømd til 14 års fengsel, men vart 1959 frigjeven og gjeven løyve til å reise ut av England. Han reiste då til Aust-Tyskland, der han vart avdelingsleiar ved Sentralinstituttet for kjernefysikk i Dresden og frå 1963 professor i teoretisk fysikk ved den tekniske høgskulen der.
Klaus Fuchs er gravlagd på Zentralfriedhof Friedrichsfelde (Pergolenweg) i Berlin.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Klaus Emil Julius Fuchs. I Store norske leksikon.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Klaus Fuchs» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2013.