Hopp til innhald

Justine Braisaz-Bouchet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Justine Braisaz-Bouchet


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 4. juli 1996 (28 år)
Albertville
Idrett skiskyting
Tok del i VM i skiskyting 2019, Vinter-OL 2022, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner
Utmerkingar ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ridder av Æreslegionen

Justine Braisaz-Bouchet (fødd 4. juli 1996) er ein fransk skiskyttar frå Albertville. Ho vart olympisk meister på fellesstarten under Vinter-OL 2022.

Braisaz deltok i verdscupen i skiskyting frå 2014 og vant sitt første løp der i 2017. Ho var med på dei franske stafettlaga for kvinner som vann sølv i VM 2015 og 2016 og bronse i VM 2017 og OL-2018. Under VM i skiskyting vann ho bronsemedaljen på 15 km. Etter to medaljelause verdsmeisterskap opp ho den store suksessen ved dei olympiske leikane 2022. På den avsluttande fellesstarten gjekk Braisaz-Bouchet inn til gullmedalje, dei norske utøvarane Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland vart nummer 2 og 3.

Braisaz-Bouchet har vunne to individuelle tevlingar i verdscupen. Ho sigra på fellesstarten i Le Grand-Bornand i desember 2017, knapt to år seinare vann ho 15-kilometeren i Östersund. I tilegg har ho vore med på fem stafett-triumfar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]