Jiamusi
Utsjånad
Jiamusi | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Areal | 32 469,98 km² | ||
Folketal | 2 552 097 (2010) | ||
Jiamusi 46°48′29″N 130°21′55″E / 46.80808°N 130.36531°E | |||
Wikimedia Commons: Jiamusi |
Jiamusi er eit byprefektur nordaust i provinsen Heilongjiang i Kina, med grenser mot Russland både i nord og i aust. Byprefekturet har eit areal på 31 528 km² og 2 552 097 innbyggjarar i 2010.
Byprefekturet Jiamusi omfattar fem distrikt (区 qū), to byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).
Næring og samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Byen Jiamusi er ei viktig elvehamn for nedre del av elva Songhua.
Jiamusi har jarnbanesamband til provinshovudstaden Harbin, og til grannelanda Nord-Korea og Russland.
Kinas riksveg 201 går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian. Også Kinas riksveg 221 går gjennom området. Han tek til i Harbin og går til Tongjiang i Jiamusi, begge i Heilongjiang.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jiamusi» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Jiamusi» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2012.