Hopp til innhald

Jesse Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesse Jackson

Fødd8. oktober 1941 (83 år)
Greenville
Statsborgar avUSA
PartiDet demokratiske partiet i USA
Yrkepolitikar, pastor, borgarrettsaktivist, menneskerettsaktivist, organisasjonsgrunnleggjar
Utdanna vedUniversity of Illinois i Urbana-Champaign
Chicago Theological Seminary
North Carolina Agricultural and Technical State University
EktefelleJacqueline Jackson
BarnJonathan Jackson, Jesse Jackson
Medlemfrimureri
Southern Christian Leadership Conference
Rainbow/PUSH

Jesse Louis Jackson Sr. (fødd 8. oktober 1941) er ein amerikansk menneskerettsaktivist, politikar og baptistpastor.

Etter universitets- og teologistudiar byrja han å arbeida for Martin Luther King, og blei ein av hans næraste. Saman organiserte dei borgarrettsorganisasjonen Southern Christian Leadership Conference (SCLC). Mot slutten av 1960-talet var Jackson leiar for Operation Breadbasket, ein organisasjon vigd til å betra dei økonomiske vilkåra for afroamerikanarar. I 1971 grunnla han People United to Serve Humanity (PUSH),[1] ein organisasjon for sjølvhjelp for afroaamerikanarar, og i 1984 grunnla han Rainbow Coalition. Desse er sidan gått saman til Rainbow/PUSH.[2]

I 1980-åra blei Jackson ein velkjend politikar og talsmann i borgarrettsspørsmål og for den afroamerikanske befolkningsgruppa. I 1984 og 1988 dreiv han kampanjar for å bli presidentkandidat for Det demokratiske partiet.

Han har deretter blant anna støtta Bill Clinton og til tider vore rådgjevar for han. Jackson har også agert internasjonalt og ved fleire høve bidrege til å få amerikanske fangar og gislar frigjeven. Han har også vore ein kritikar av amerikansk utanrikspolitikk i Midtausten og Latin-Amerika, som i samband med Irak-krigen.

I 2013 blei Jackson tildelt den sørafrikanske Ordenen følgjesvener av O.R. Tambo.[3]

  1. «Races: Jackson PUSHes On». Time magazine. 3. januar 1972. Arkivert frå originalen 22. oktober 2010. Henta 5. oktober 2012. 
  2. «The Pilgrimage of Jesse Jackson». pbs.org. WGBH educational foundation. Henta 7. september 2007. 
  3. «Media Statement by the Chancellor of the National Orders, Dr Cassius Lubisi» Arkivert 25. mai 2014 på Wayback Machine., Sør-Afrikas presidentembete, 22. april 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jesse Jackson