Hanne Hukkelberg
Hanne Hukkelberg | |||
Hanne Hukkelberg. Promobilete for albumet Trust (2017).Mal:Foot | |||
Fødd | 17. april 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kongsberg kommune | ||
Opphav | Kongsberg | ||
Aktiv | Sidan 2003 | ||
Sjanger | Pop, kunstrock, eksperimentell | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Tilknytte artistar | Emilie Nicolas, Todd Terje, Highasakite | ||
Plateselskap | Hukkelberg Music | ||
Verka som | Songar-låtskrivar | ||
Mor | Liv Hukkelberg | ||
Prisar | Spellemannprisen i åpen klasse, Radka Toneff Minnepris, Edvard-prisen |
Hanne Hukkelberg (fødd 17. april 1979) er ein norsk songar, komponist og produsent. Hukkelberg byrja å synga og spela instrument i ein alder av tre år. I ungdomen var ho vokalist for ulike band og konstellasjonar i sjangrar som jazz, rock og frijazz. Medan ho gjekk på vidaregåande skule var ho medlem av doom metal-bandet Funeral, der ho bidrog med vokal på det andre albumet deira, In Fields of Pestilent Grief.
Hukkelberg vart uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule i 2003 og etablerte seg som vokalist, komponist og multiinstrumentalist. I tillegg til å synga, spelar ho slagverk, piano og gitar. Kåre Chr. Vestrheim produserte den første EP-en til Hukkelberg, Cast Anchor (2003), og året etter debutplata hennar Little Things (2004). I 2006 gav Hukkelberg ut sitt andre album Rykestrasse 68, som fekk Spellemanprisen 2006 i open klasse. I 2007 mottok Hukkelberg Gammleng-prisen.
Etter omfattande turnering, inkludert ein Europa-turné med Wilco, og ein gjesteopptreden med José González på The Bowery Ballroom i New York, gav Hukkelberg ut Blood From a Stone (2009). Hukkelberg skreiv deretter ein av songane på lydsporet til filmen «Legenden om Narnia – Prins Caspian». Songen heiter «Lucy», etter ein av hovudkarakterane i filmen.
Etter å ha flytta til New York gav Hukkelberg ut det fjerde albumet sitt Featherbrain i 2012. I åra 2014 til 2016 arbeidde Hukkelberg med ei rekkje bestillingsverk, inkludert eit samarbeid med Todd Terje og Bryan Ferry på låten Johnny og Mary.
I 2017 gav ho ut eit album som inneheldt singlane «The Whip», «IRL» og «Emroidery».[1][2]
I 2018 komponerte Hukkelberg filmmusikken til dokumentarfilmen Røverdatter. Soundtracket vart utgjeve på Hukkelberg Music. Hukkelberg gav òg ut singelen «Stardust» på Brilliance Records. Låten vart skriven i Los Angeles i samarbeid med Victoria Zaro (USA), Halie (No) og Brittany B (USA).
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar |
---|---|
Little Things |
|
Rykestraße 68 |
|
Blood From A Stone |
|
Featherbrain |
|
Trust |
|
Birthmark |
|
EP-ar
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar |
---|---|
Cast Anchor |
|
Prisar og nominasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Spellemannprisen 2006 i open klasse for Rykestrasse 68
- Nominert til Alarmprisen 2007 i klassa jazz for Rykestrasse 68
- Nominert til Spellemannprisen 2009 i klassa kvinneleg artist for Blood from a Stone
- Radka Toneff Minnepris 2013[3]
- Gammleng-prisen 2017 i open klasse[4]
- Edvard-prisen 2020 i klassa populærmusikk for Birthmark[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hanne Hukkelberg» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juli 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Jazzrusk og rennende vann». www.dn.no (på norsk).
- ↑ «After five years away, Hanne Hukkelberg returns with the magnificent “The Whip”». The Line of Best Fit (på engelsk).
- ↑ «Radka-pris til Hanne». 19. juli 2011. Henta 21. november 2020.
- ↑ «Disse fikk årets Rolf Gammleng-priser». 6. november 2017. Henta 21. november 2020.
- ↑ «EDVARD-prisen til Hanne Hukkelberg». 14. september 2020. Henta 21. november 2020.