Farah Khan
Farah Khan | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1965 (59 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Mumbai | ||
Aktive år | 2004- | ||
Verka som | filmregissør, skodespelar, programleiar, koreograf, manusforfattar, skribent, filmprodusent | ||
Mor | Menaka Khan | ||
Far | Kamran Khan | ||
Ektefelle | Shirish Kunder |
Farah Khan (fødd 9. januar 1965), gift Farah Khan Kunder, er ein indisk regissør, produsent, skodespelar og koreograf.
Khan har koreografert danserutinar for over hundre songar i over 80 hindifilmar, og har vunne seks Filmfare-prisar for beste koreografi og ein indisk nasjonal filmpris for beste koreografi. Ho har også arbeidd med fleire internasjonale prosjekt, som Marigold: An Adventure in India, Monsoon Wedding, Bombay Dreams og dei kinesiske filmane Perhaps Love og Kung Fu Yoga, sistnemnde med Jackie Chan, som gav henne nominanasjonar til Tony-prisen og Gullhest-prisen. Etterkvart har Khan også regissert og opptredd i eigne filmar, og blei nominert til Filmfare-prisen for beste regissør for debutfilmen Main Hoon Na frå 2004. I tillegg til koreografi i indiske filmar og andre Bollywood-prosjekt har ho òg gjort dansearbeid med artistane Shakira og Kylie Minogue.
Bakgrunn og familie
[endre | endre wikiteksten]Farah Khan blei fødd 9. januar 1965. Far hennar, Kamran Khan, var ein stuntman som hadde byrja laga filmar. Mora, Menaka Irani, var syster til dei tidlegare barneskodespelarane Honey Irani og Daisy Irani.[1] Farah er dermed syskenbarn av filmpersonlegdommane Farhan Akhtar og Zoya Akhtar, som er barna til Honey Irani. Ho har ein bror, Sajid Khan, som er komikar, skodespelar og regissør. Mor hennar var berre 19 då Khan blei fødd, og ho blei i stor grad oppdregen av bestemor si. Far hennar var muslim, medan mora tilhøyrde det indiske parsisamfunnet (også kjend som irani).[2]
Foreldra skilde lag då ho var lita. Far hennar Kamran Khan hadde først hatt suksess som filmskapar, og hadde til dømes gjeve svigersystera si Honey Irani ein leilegheit å bu i leigefritt då ho gifta seg med den fattige diktaren Javed Akhtar. Etter fleire filmar floppa tapte han mykje pengar, og ekteskapet med Menaka byrja bryta saman på same tid. Farah Khan såg derfor lite til far sin då ho voks opp, og flytta med bror sin mellom ulike heimar.[3]
Farah Khan gifta seg med Shirish Kunder, filmklipparen for debutfilmen hennar Main Hoon Na,[4] den 9. desember 2004. Han klippa også den neste filmen hennar, Om Shanti Om. Medan ho laga denne filmen fekk Khan prøverøyrsbehandling og blei gravid med trillingar. Ho fødde ein gut og to jenter i 2008.
Paret har sidan samarbeidd på filmane til kvarandre, til dømes på Jaan-E-Mann og Tees Maar Khan. Dei skipa eit produksjonsselskap, Three's Company, med namn til ære for trillingane sine.[5]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Medan Farah Khan studerte sosiologi ved St. Xavier's College i Mumbai blei Michael Jackson sin musikkvideo til «Thriller» sloppen. Khan blei så inspirert av denne at ho byrja med dans, sjølv om ho ikkje hadde tidlegare erfaring. Ho skipa ei dansegruppe og skapte seg eit ry. Då koreografen Saroj Khan forlét filmen Jo Jeeta Wohi Sikandar, fekk Khan høve til å teppa inn og fekk eit gjennombrot.[3]
På settet til Kabhi Haan Kabhi Naa møtte ho den kjende skodespelaren Shah Rukh Khan og byrja eit vennskap og langvarig samarbeid.
Farah Khan sitt arbeid i Monsoon Wedding, Bombay Dreams og Vanity Fair blei nominert Tony-prisen for beste koreografi, i høve Bombay Dreams saman med Anthony van Laast.
Regissør
[endre | endre wikiteksten]Khan regisserte sin første film, Main Hoon Na, med Shah Rukh Khan i ei hovudrolle og produsert av filmselskapet hans Red Chillies Entertainment.
Khan blei den andre kvinna til å bli nominert til Filmfare-prisen for beste regissør i 2005 (etter Mira Nair i 1990).
Den andre filmen hennar, Om Shanti Om med Shah Rukh Khan og debutanten Deepika Padukone i hovudrollene, kom ut i 2007. Han blei den høgast inntenande Bollywood-filmen til då,[6] og den høgast inntenande i 2007.[7]
Tees Mar Khan frå 2010 var den neste filmen ho regisserte og også produserte.
Khan kunngjorde planar om å regissera filmen Happy New Year i 2005.[8] Etter mange forseinkingar og endringar i skodespelarar[9][10][11][12][13][14][15][16][17][18][19] kom filmen endeleg ut i 2014.
Koreografi
[endre | endre wikiteksten]Farah Khan trente popstjerna Shakira til å framføra ein Bollywood-versjonen av songen «Hips Don't Lie» til MTV Video Music Awards i 2006.[20] Khan laga også koreografi for Kylie Minogue til songen «Chiggy Wiggy» i filmen Blue frå 2009.
I 2012 koreograferte ho «Ishq Wala Love» og «Radha» for Student Of The Year. I 2013 koreograferte ho «Jumping Jhapak». Ho koreograferte avsluttingsdansen i Kung Fu Yoga, med Jackie Chan i hovudrolla, i Bollywood-stil.[21]
Skodespel og fjernsynsarbeid
[endre | endre wikiteksten]I 2012 debuterte Khan som filmskodespelar med ei hovudrolle i Shirin Farhad Ki Toh Nikal Padi, ein romantisk komedie frå parsimiljøet regissert av Bela Bhansali Sehgal.
Khan var programleiar for kjendis-talkshowet Tere Mere Beach Mein, og var dommar i Indian Idol, Jo Jeeta Wohi Super Star, Entertainment Ke Liye Kuch Bhi Karega og Dance India Dance Li'l Masters. Ho var også dommar i danse-realityshowet Just Dance saman med Hrithik Roshan og Vaibhavi Merchant på Star Plus.
I 2015 blei Khan programleiar for realityprogrammet Bigg Boss Halla Bol, ein spin-off av den Big Brother-liknande Bigg Boss sesong 8, etter Salman Khan.[22]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]Produsent
[endre | endre wikiteksten]- 2010 Tees Maar Khan
- 2012 Joker
- 2014 Happy New Year
Regissør
[endre | endre wikiteksten]- 2004 Main Hoon Na
- 2007 Om Shanti Om
- 2010 Tees Maar Khan
- 2014 Happy New Year
Manusforfattar
[endre | endre wikiteksten]- 2004 Main Hoon Na
- 2007 Om Shanti Om
- 2014 Happy New Year
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]Filmar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Skodespelar | Regissør | Produsent | Manusforfattar | Rolle |
---|---|---|---|---|---|---|
1998 | Kuch Kuch Hota Hai | |||||
2003 | Kal Ho Na Ho | |||||
2004 | Main Hoon Na | Seg sjølv Nominert til Filmfare-prisen for beste regissør | ||||
2007 | Om Shanti Om | |||||
2010 | Jaane Kahan Se Aayi Hai | Seg sjølv | ||||
2010 | Tees Maar Khan | |||||
2010 | Khichdi: The Movie | Seg sjølv (cameo) | ||||
2012 | Joker | Seg sjølv | ||||
2012 | Shirin Farhad Ki Toh Nikal Padi | Shirin Fugawala | ||||
2012 | Student of the Year | Cameo i «Disco Song» som dommar | ||||
2014 | Happy New Year | Cameo | ||||
2016 | Devi | Seg sjølv | ||||
2019 | Student of the Year 2 | Cameo in "The Jawaani Song" as a judge | ||||
2020 | Mrs. Serial Killer |
- Hyppige samarbeidspartnarar
Skodespelarar | Main Hoon Na (2004) |
Om Shanti Om (2007) |
Tees Maar Khan (2010) |
Happy New Year (2014) |
---|---|---|---|---|
Bindu | ||||
Boman Irani | ||||
Shah Rukh Khan | ||||
Kirron Kher | ||||
Akshay Kumar | (cameo) | |||
Deepika Padukone | ||||
Satish Shah | ||||
Murali Sharma |
Koreografi
[endre | endre wikiteksten]Fjernsyn
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sajid Khan | Directors | Koimoi». koimoi.com. 28. april 2016. Henta 30. april 2016.
- ↑ Thomas, Anjali (7. oktober 2007). «Farah Khan latest chant is 'Mom Shanti MOM'». DNA.
- ↑ 3,0 3,1 «Tête à tête». The Telegraph (Kolkata). 7. oktober 2007. Henta 5. mai 2010.
- ↑ Kulkarni, Ronjita (12. august 2004). «Meet the man Farah Khan will marry». Rediff.com. Henta 17. november 2008.
- ↑ Mariam Thomas, Sonia (26. oktober 2015). «Women Of Worth 2015 Grit And Glory». www.outlookbusiness.com.
- ↑ Ben Fenton (26 June 2008). «Om Shanti Om rakes in $45m worldwide». Financial Times. Henta 17. november 2008.[daud lenkje]
- ↑ «Top India Nett Grossers 2007». boxofficeindia.com.
- ↑ «Farah Khan makes Deepika happy». Sify Movies. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «'Happy New Year' went on floors in 2014 Khan». The Hindu (Chennai, India). 12 May 2009. Arkivert frå originalen 16 June 2009. Henta 11 February 2013.
- ↑ «Farah Khan gives Fictitious dance group a break in Happy New Year». Business of Cinema. Henta 11 February 2013.
- ↑ «Shah Rukh dampens Farah’s ‘Happy New Year’ plans!». Zee News. Henta 11 February 2013.
- ↑ «Shah Rukh Khan and Farah Khan come together for 'Happy New Year'». The Indian Express. Henta 11 February 2013.
- ↑ «SRK wants to work with Priyanka in Farah Khan's film Happy New Year». India Today. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «Shah Rukh Khan busy for Farah Khan till 2013». The Times of India. Arkivert frå originalen 14. april 2012. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «Anushka is not pairing with Shahrukh for Farah». India Glitz. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «Shah Rukh Khan miffed with ‘Happy New Year’ report!». Zee News. Henta 11. februar 2013.
- ↑ «Katrina, Sonakshi or newcomer for Happy New Year?». Henta 14. februar 2013.
- ↑ «Farah Khan lays out parameters for 'Happy New Year' heroine». Henta 14. februar 2013.
- ↑ «John joins Shah Rukh for Farah's next film». The Times of India. 26. juni 2012. Arkivert frå originalen 26. januar 2013. Henta 4. november 2019.
- ↑ Jha, Subhash K. (1. september 2006). «Farah Khan bonds big time with Shakira». bollywood hungama. Henta 17. november 2008.
- ↑ «Farah Khan to choreograph song in Jackie Chan's 'Kung Fu Yoga'». The Times of India. 28. januar 2017.
- ↑ «Bigg Boss 8: Farah Khan talks about Salman Khan and Halla Bol | The Times of India». The Times of India. Henta 13. mars 2018.
- ↑ «Farah Khan to choreograph song in Jackie Chan's 'Kung Fu Yoga'». The Times of India. 28. januar 2017.
- ↑ «In Rohit Shetty's absence, Farah Khan to introduce Khatron Ke Khiladi – Made in India». The Indian Express (på engelsk). 24 July 2020. Henta 27 July 2020.
- ↑ «Zee Comedy Show set to tickle the funny bone, to launch this weekend - Times of India». The Times of India (på engelsk). Henta 11. oktober 2021.
- ↑ «Farah Khan joins Bharti Singh and Haarsh Limbachiyaa for new season of the Khatra Khatra Show». 3 March 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Farah Khan» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2019.