Anyon
Utsjånad
Eit anyon er ein partikkel i to dimensjonar med vilkårleg (fraksjonell) kvantestatistikk. I tre dimensjonar kan elementærpartiklar, og partiklar som er bygd opp av slike, delast inn i fermion og boson.
I 1977 viste dei norske fysikarane Jon Magne Leinaas og Jan Myrheim at partikler som rører seg i to dimensjoner, til dømes eit plan, kan ha ein meir generell kvantestatistikk, der fermion og boson er spesialtilfelle.
Det er stor semje om at kvante-hall-effekten kan forklarast ved hjelp av eksitasjonar (kvasipartiklar) som er anyonar. Ein har òg spekulert i om anyonar kan forklare superleiing ved temperaturer omkring til dømes 100 grader over det absolutte nullpunktet, men dette er det foreløpig ikkje haldepunkt for.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- anyon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/anyon