Hopp til innhald

Syktyvkar

Koordinatar: 61°40′0″N 50°49′0″E / 61.66667°N 50.81667°E / 61.66667; 50.81667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Syktyvkar
Сыктывкар
Horisonten til Syktyvkar
Horisonten til Syktyvkar
Byåpenet til Syktyvkar
Byvåpenet til Syktyvkar


Plassering
Syktyvkar is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Republikken Komi
Første gong nemnd
Bystatus
1586
1780
Geografi
Flatevidd
 - By

152 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

229 200
  1 507,9 /km²
Koordinatar 61°40′0″N 50°49′0″E / 61.66667°N 50.81667°E / 61.66667; 50.81667
Høgd over havet 130 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 167000–167031
Retningsnummer (tlf) (+7)8212
Nettstad: www.syktyvkar.komi.com


Syktyvkar (komi og russisk Сыктывкар) er hovudstaden i Republikken Komi i Nordvestrussland i Russland med om lag 230 000 innbyggjarar i 2007. Ved Syktyvkar renn Syssola ut i Vytsjegda, og det er dermed både verftsindustri, ei hamn og treforedlingsindustri her.

Klimaet i Syktyvkar er kontinentalt og kaldt, med fuktig preg. Normaltemperaturen i er -17 °C og i juli +17 °C. Normal årsnedbør er 541 mm.

I Syktyvkar ligg det ulike institusjonar for vitskap og kultur, både teater, museum og høgskolar. Syktyvkar var i 1980 vertskap for den femte internasjonale fennougristikk-konferansen.

Utvikling av folketalet

[endre | endre wikiteksten]
År Folketal
1933 17 200
1962 79 000
2001 228 100

Det var busetnad der Syktyvkar ligg allereie på 1500-talet. I 1586 vart det grunnlagt ein tettstad Ust-Sysolsk (Syssolskoje), staden fekk bystatus i 1780. I 1930 fekk byen, i samsvar med den sovjetiske språkpolitikken, namn på komi, nemleg Syktyvkar.

Utdanningsinstitusjonar

[endre | endre wikiteksten]

Kjende menneske frå Syktyvkar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Syktyvkar