Shine av Natália Kelly
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Shine.
«Shine» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Austerrike | ||||
Artist(ar) | Natália Kelly | ||||
Medverkande | Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein (støttevokalistar) | ||||
Språk | Engelsk | ||||
Komponist(ar) | Andreas Grass, Nikola Paryla og Alexander Kahr | ||||
Låtskrivar(ar) | Andreas Grass, Nikola Paryla og Natália Kelly | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | 27 | ||||
Semifinaleplass | 14 | ||||
Finalepoeng | X | ||||
Finaleplass | X | ||||
Austerrike i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Shine» (engelsk for 'Skin') var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Natália Kelly. Songen er skriven av Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly.
Österreich rockt den Song Contest 2013
[endre | endre wikiteksten]Natália Kelly sendte inn den engelskspråklege songen «Shine» til Österreichischer Rundfunk (ORF) og vart vald ut til å delta i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. I finalen vann bidraget og fekk representere Austerrike.
Eurovision Song Contest 2013
[endre | endre wikiteksten]I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[2]
Format og sporliste
[endre | endre wikiteksten]- Shine (Remix) - EP[3]
- «Shine» – 2:59
- «Shine (Edit)» – 3:00
- «Shine (Redio Remix)» – 3:58
- «Shine (SamV Club Remix)» – 5:24
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2013) | Plassering |
---|---|
Ö3 Austria Top 40 | 26 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shine (Natália Kelly song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2013.
- «Eurovision Song Contest 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. mars 2013.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 1. juni 2013.
- ↑ Natália Kelly (7. mai 2013). «MALMÖ 2013 | Facebook». Facebook. Henta 26. mai 2013.
- ↑ «iTunes - Musik – „Shine (Remix) - EP“ von Natália Kelly». iTunes. Henta 26. mai 2013.