Mari Boine
Utsjånad
Mari Boine | |||
| |||
Fødd | 8. november 1956 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Karasjok kommune | ||
Fødenamn | Mari Brit Randi Boine | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 1985– | ||
Sjanger | verdsmusikk | ||
Instrument | tromme, vokal | ||
Plateselskap | Real World Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar | ||
Prisar | Spellemannprisen i åpen klasse, Finnmark fylkes kulturpris, Nordlysprisen, Norsk kulturråds ærespris, Ole Vig-prisen, brobyggerprisen, Pillarguriprisen, Spellemannprisen i åpen klasse, Spellemannprisen i åpen klasse, Amandaprisen for beste musikk, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Årets budeie, Áillohaš musikkpris, æresdoktor ved Universitetet i Tromsø, Samerådets ærespris |
Mari Boine, tidlegare Mari Boine Persen, (fødd 8. november 1956 i Gamehisnjárga i Finnmark), er ein samisk songartist. Mari Boine er sannsynlegvis den internasjonalt mest kjende representanten for det samiske folket. Ho syng tradisjonell joik, men har også fornya den med element frå jazz, rock og folkemusikk frå mange ulika kulturar.
Til Vinter-OL på Lillehammer i 1994 takka ho nei til å opptre, fordi ho såg invitasjonen som eit forsøk på å få henne til å tene som kulturelt alibi for det norske storsamfunnet.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Spellemannprisen 1989 i open klasse for Gula gula - hør stammemødrenes stemme.
- Ole Vig-prisen i 1992.
- Gammleng-prisen 1993 i open klasse.
- Áillohaš musikkpris i 1993
- Spellemannprisen 1993 i open klasse for Goaskinviellja.
- Nordlysprisen i 1994.
- Spellemannprisen 1996 i open klasse for Eallin.
- Petter Dass-medaljen 1998 for aktiv innsats for samisk kultur og identitet.
- I 2008 vann ho Amandaprisen for filmmusikken til Kautokeino-opprøret saman med Sven Schultz og Herman Rundberg.
- Det kongelege hoff kunngjorde 18. september 2009 at kongen har utnemnt Boine til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden for hennar allsidige kunstnariske verksemd.
- Norsk kulturråds ærespris i 2009.
- Anders Jahres kulturpris i 2009.
- Statsstipendiat frå 2013.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Jaskatvuođa maŋŋá (1985)
- Gula Gula (1989) Boine vann open klasse under Spellemannprisen 1989 for denne plata.
- Goaskinviellja (1993) Boine vann open klasse under Spellemannprisen 1993 for denne.
- Leahkastin (1994)
- Eallin (1996) Boine vann open klasse under Spellemannprisen 1996 for denne.
- Bálvvoslatjna (1998)
- Gávcci Jahkejuogu (2001)
- Mari Boine Remixed (2001)
- Winter in Moscow (2001, teke opp 1992)
- Idjagieđas (2006)
- Čuovgga Áirras (2009)
- Áiggi Askkis, 2011
- Gilvve Gollát, 2013
- See the Woman, 2017[1]
Mari Boine har også vore med på plater for andre artistar, t.d. Jan Garbarek.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Mari Boine». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Intervju med Mari Boine (engelsk) Arkivert 2009-03-07 ved Wayback Machine.
- Offisiell side