Slipp Jimmy fri
Slipp Jimmy fri er ein norsk animasjonsfilm frå 2006. Filmen vart skriven og regissert av Christopher Nielsen.
Handling
[endre | endre wikiteksten]«Roy Arnie» drøymer om å drive sitt eige sirkus og erobre verda. Nøkkelen til at draumen hans skal gå i oppfylling er «Jimmy», ein elefant som er hekta på narkotika. Alt Roy Arnie treng å gjere for å få draumen til å verte sann er å sleppe «Jimmy» fri, men så rømer elefanten til vidda. Roy Arnie tek med seg to trøytte typar og jagar etter elefanten, men dei er ikkje åleine. Dyrevernarar, same-gangstarar og eit forfylla jaktlag vert òg med på elefantjakt. Elefanten, som er sterkt prega av abstinensar, har på si side slått seg saman med ein usedvanleg heltemodig elg.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Dette er den fyrste heilaftans dataanimerte spelefilmen frå Noreg. I januar 2004 vart det kjent at det totale budsjettet til filmen ville verte tre gonger så høgt som opphavleg planlagt, og premieren vart sett eitt år lenger fram i tid.
Sjølv om dette er ein norsk film, har filmskaparane valt å synkronisere lepperørslene til figurane til dei engelske stemmene, og deretter dubba filmen til norsk etterpå.
Filmen vart ein av dei to norske nominerte filmane til Nordisk Råds filmpris i 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettsida til filmen Arkivert 2008-04-26 ved Wayback Machine.
- Slipp Jimmy Fri på snurrfilm.no Arkivert 2006-04-27 ved Wayback Machine.