Salpetersyre
Utsjånad
Salpetersyre er ei sterk syre med kjemisk formel HNO3. Syra er oksiderande. Smeltepunktet er -42 °C og kokepunktet er 83 °C Nitrata er Salt av salpetersyre. Desse er vassløyselege.
Framstilling
[endre | endre wikiteksten]Salpetersyre vert framstilt ved Ostwaldprosessen. Ammoniakk vert nytta som råstoff. Denne vert først oksidert til nitrogenmonoksid og så til nitrogendioksid. For å få salpetersyre vert nitrogendioksid så blanda med vatn. Prossessen har namn etter Wilhelm Ostwald.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Syra vert brukt som råstoff for framstilling av andre kjemikaliar, kunstgjødsel og sprengstoff, og som reagens.
Konsentrert saltsyre og konsentrert salpetersyre i forholdet tre til ein løyser metall som gull og platina. Denne blandinga er kjend som kongevatn.