Bergen Filharmoniske Orkester
Bergen Filharmoniske Orkester | |||
Skipa | 1765 | ||
---|---|---|---|
Nettstad | https://www.harmonien.no |
Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) er eit symfoniorkester i Bergen som kan føra historia si heilt tilbake til 1765. Orkesteret held til i Grieghallen, og noverande sjefdirigent er Edward Gardner.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1765 vart Musikselskabet Harmonien skipa av rektor Jens Boalth og forfattaren Claus Fasting; orkesteret gjekk under namnet Musikselskabet Harmoniens Orkester. Harmonien er det eldste musikkselskapet i Noreg. Opphavleg dreiv det frivillige selskapet med vokal- og instrumentalmusikk ved å framføra kantatar på kongelege festdagar, kyrkjemusikk ved høve, og ein sjeldan gong musikkdramatikk. I 1793 vart Det dramatiske selskap skipa, og Harmonien samarbeidde med dette heretter.
På attenhundretalet var musikalske storleikar som Ole Bull, Edvard Grieg og Johan Halvorsen alle i leiarposisjonar i orkesteret. Sidan Harmonien vart reorganisert i 1856, har orkesteret hatt ei særstilling i musikkmiljøet i Bergen.
I 1919 oppretta Harmonien eit fast orkester på 40 musikarar, og ein kraftig auke i konsertar, m.a. på Den Nationale Scene. I 1978 fekk orkesteret Grieghallen som fast base, og i 1987 skifte det namn til det noverande Bergen Filharmoniske Orkester. Orkesteret er i dag statsfinansiert, og Bergen Filharmoniske Kor er fast tilknytt orkesteret. Det består i dag av 101 musikarar,[1] har om lag 80 konsertar i året, og har gjort ei rekkje plateinnspelingar.
Faste dirigentar
[endre | endre wikiteksten]- Samuel Lind - til 1769
- Benjamin Ohle - 1769–70
- Niels Haslund - 1770–85
- Ole Pedersen Rødder - 1785–1805
- J. Hindrich Paulsen - 1805–06, 1809–20
- C. Mathias Lundholm - 1820–27
- Ferdinand Giovanni Schediwy - 1827–44
- Ferdinand August Rojahn - 1856–59
- August Christian Johannes Fries - 1859–62, 1864–73
- Amadeus Wolfgang Maczewsky - 1862–64
- Richard C. V. A. Henneberg - 1873–75
- Adolf Blomberg - 1875–78
- Herman Levy - 1879–80
- Edvard Grieg - 1880–82
- Iver Holter - 1882–84, 1885–86
- Per Winge - 1886–88
- Georg Washington Magnus - 1892–93
- Johan Halvorsen - 1893–99
- Christian Danning - 1899–01, 1902–05
- Harald Heide - 1907–48
- Olav Kielland - 1948–50
- Carl Garaguly - 1952–58
- Arvid Fladmoe - 1958–61
- Karsten Andersen - 1964–85
- Aldo Ceccato - 1985–90
- Dmitrij Kitajenko - 1990–98
- Simone Young - 1999–2002
- Andrew Litton - 2003–2015
- Edward Gardner - 2015-
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Spellemannprisen 1991 i klassen Orkester-og kormusikk saman med Leif Ove Andsnes for plata Grieg: Piano Konsert/Liszt: Piano Konsert Nr.2.
- Spellemannprisen 2007 i klassen Klassisk musikk for plata Prokofiev: Romeo & Juliet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Bergen Filharmoniske Orkester», Bergen Filharmoniske Orkester (på norsk bokmål), henta 7. desember 2023
- «Harmonien, Bergen_Filharmoniske_Orkester» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 21. november 2011.
- Bokmålswikipedia om Bergen Filharmoniske Orkester, henta inn 21. november 2011.